Vernepleiar/sjukepleiar med vidareutdanning til FACT ung Bergen
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ PBU Ambulante tenester, Helse Bergen HF
Strømgaten 10, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar med vidareutdanning til FACT ung Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 14. august
Vi søker ein engasjert, kreativ og fagleg sterk vernepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning i rolla som primærkontakt til ei ledig 100% stilling i FACT ung Bergen – eit behandlingstilbod som tilbyr fleksibel, heilskapleg og integrert oppfølging av barn og unge mellom 12–18 år (opp til 25 år) med behov for langvarig og samansett innsats frå fleire tenester og nivå.
Teamet består av tilsette frå både kommunen og spesialisthelsetenesta. Teamsamansettinga inkluderer psykologspesialist, familieterapeut, sjukepleiar, russpesialist, barnevernspedagog, erfaringskonsulent, musikkterapeut, sosionom, individuell jobbspesialist, arbeids- og utdanningsspesialist og avdelingsleiar. Ungdomane har funksjonssvikt innanfor område som: psykisk helse, skule, nettverk, arbeid, familie, rus, kriminalitet, seksualitet, avhengnad m.m.
FACT ung Bergen er eit 4-årig samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen, Betanien sjukehus og Bergen kommune. Tiltaket er organisatorisk plassert i Eining for Barnevernvakta, Utekontakten, Fosterheimrettleiing og –tilsyn i Bergen kommune. Denne stillinga er knytt til Ambulante Tenester i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen.
Vi ønsker oss medarbeidarar som er med på å ta ansvar for å bevare eit godt arbeidsmiljø og som bidrar i miljøet med engasjement, faglegheit, kreativitet og openheit for nye idéar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming).
Oppstart snarast eller etter nærare avtale.
Intervju vil bli gjennomført 19. og 21. august kl 0800-1200.Arbeidsoppgåver
- Primærkontakt for fleire ungdomar og familiane deira
- Sikre at ungdomane får oppfølging og behandling i tråd med modellskildringa til FACT ung, recovery-orientert praksis og lover og forskrifter
- Utarbeide, koordinere, sette i verk og evaluere heilskaplege behandlingsplanar
- Psykoedukasjon individuelt og i grupper
- Gruppetilbod til ungdom og/eller foreldre
- Bidra med fagleg kompetanse og rettleiing knytt til arbeid med familiar og systemisk praksis i teamet
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med instansar i ulike sektorar og på ulike nivå
- Samarbeid med og involvering av ungdom, familie og nettverk i oppfølginga. Sikre ungdom sin medverknad i eiga utvikling og behandling
- Tilpassa fleksibel arbeidstidsordning med pasientoppfølging på inntil to kveldar i veka (frem til kl 2100 måndag - torsdag)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar og relevant vidareutdanning, fortrinnsvis klinisk retta
- Søkarar med anna relevant utdanning og særleg relevant arbeidserfaring kan bli vurderte
- Erfaring frå arbeid med målgruppa til FACT Ung er påkravd
- Erfaring med individuell oppfølging av ungdom blir vektlagt
- Relevant arbeidserfaring frå spesialisthelsetenesta blir vektlagt
- Erfaring med systemisk praksis og familiearbeid er ein fordel
- Erfaring frå ambulant/oppsøkande arbeid er ein fordel
- Erfaring med utviklings- og prosjektarbeid er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne, minimum B2 nivå
- Førarkort klasse B er påkravd
- Tilfredsstillande politiattest er påkravd og må leggast fram ved oppstart
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som brenn for barn, ungdom, familie og deira nettverk, og som ønsker å yte gode tenester på høgt fagleg nivå
- Du trivst med arenafleksibel behandling
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og målretta
- Du har god relasjonell kompetanse og gode samarbeidsevner
- Du har høg arbeidskapasitet
- Du er trygg på digitale kommunikasjonskanalar
- Vilje og evne til fagleg oppdatering på beste praksis
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå og varierte, interessante og krevande utfordringar i eit fagfelt i utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande avtalar
- Deltaking på nasjonal opplæring for tilsette i FACT ung
- Moglegheit til å påverke og utvikle FACT ung Bergen
- Fagleg støtte frå nasjonale kompetansemiljø
- Kompetanseheving i Basal eksponeringsterapi
- Tilbakemeldingsbasert kollegarettleiing og prosessrettleiing
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Fadderordning
- Flotte lokale i sentrum
- Gode tilbod til tilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sebastian Slotte, Avdelingsleiar FACT ung Bergen, 934 03 596Marlin Haarstad, Seksjonsleiar Ambulante tenester, 920 63 466
Arbeidsstad
Strømgaten 105008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4995224123
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marlin Haarstad
Seksjonsleiar Ambulante tenester
920 63 466
Sebastian Slotte
Avdelingsleiar FACT ung Bergen
934 03 596
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1dae48c5-e390-47a0-a71e-2e0f1a985e03
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99c2d05cfc3f4444af8690e3a7dcbf4e