Beredskaps- og digitaliseringskoordinator
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral
Om jobben
- Stillingstittel
- Beredskaps- og digitaliseringskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 6. mars
Åseral kommune søkjer ein utviklingsorientert og samfunnsengasjert medarbeidar som kan ta eit samla ansvar for beredskap, digitaliseringsarbeid, cybersikkerheit og prosjektleiing.
Vi ser etter deg som både kan vere pådrivar for framtidsretta løysingar og samtidig sikre at kommunen står robust gjennom endringar og kriser.
Stillinga er plassert i kommunedirektøren si leiargruppe og er ei nøkkelrolle i kommunens arbeid med tryggleik, kvalitet og modernisering.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du få eit breitt og spanande ansvarsområde, mellom anna:
Beredskap og samfunnstryggleik
- Koordinere, utvikle og vedlikehalde kommunens beredskapsplanverk.
- Gjennomføre ROS-analysar og oppfølging av tiltak.
- Lede og delta i beredskapsøvingar.
- Sikre god samhandling med nødetatar, regionale aktørar og interne einingar.
- Integrere digitale truslar i beredskapsarbeidet (cyberberedskap).
- Koordinere kommunens digitaliseringsprosessar på tvers av tenesteområda.
- Følgje opp prosjekt og samarbeid knytt til DDV.
- Vere fagleg rådgivar innan GDPR, internkontroll og informasjonssikkerheit.
- Bidra til utvikling av digitale arbeidsprosessar og tenester.
- Sikre god utnytting av kommunens digitale verktøy og system.
- Arbeide systematisk med tryggleik i digitale løysingar (konfidensialitet, integritet og tilgjenge).
- Overvake og vidareutvikle rutinar innan informasjonssikkerheit.
- Koordinere internkontroll knytt til digitale prosessar og avvikshandtering.
- Bidra til opplæring og kompetansebygging i organisasjonen.
Kvalifikasjoner
Stillinga krev klarering på hemmeleg nivå.Vi ønskjer at du har:- Relevant utdanning (samfunnstryggleik, IKT, administrasjon og/eller liknande).
- Erfaring frå beredskap, digitalisering, prosjektleiing eller arbeid med informasjonssikkerheit.
- God kjennskap til GDPR og internkontroll.
- Teknologiforståing og interesse for digitale løysingar.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå offentleg sektor.
Personlege eigenskaper
- Er analytisk og strukturert, og som klarer å sjå heilskap og samanhengar på tvers av fagområde.
- Arbeider sjølvstendig, tek initiativ og driv eigen framdrift – men samstundes trivst med tverrfagleg samarbeid.
- Er trygg i rolla si, og kan ta ansvar og gjere gode vurderingar også under press.
- Kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg, og evnar å formidle komplekse tema på ein forståeleg måte.
- Er relasjonsbyggande, og skapar tillit både internt i organisasjonen og hos eksterne samarbeidspartnarar.
- Har gjennomføringskraft, og klarer å halde oversikt over fleire prosessar samtidig.
- Er løysingsorientert, fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med endringar.
- Har god vurderingsevne, særleg innan risikostyring, informasjonssikkerheit og beredskap.
Kvifor velgje Åseral?
- Du får ei nøkkelrolle i utviklinga av Åseral kommune.
- Du vår utfordrande og varierte arbeidsoppgåver som gir rom for utvikling og påverknad.
- Du får samfunnsnyttige arbeidsoppgåver.
- Du møter eit sterkt fagmiljø gjennom DDV-samarbeidet og beredskapsamarbeidet i Setesdal regionen.
- Du vil få moglegheit for kompetanseheving innan både beredskap og digitalisering.
- Du møter eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med engasjerte og kompetente kollegaer.
- Vi kan tilby fleksible ordningar og konkurransedyktige vilkår.
- Vi kan tilby konkurransedyktig løn.
- Du får moglegheiter for vidareutdanning og utvikling – vi investerer i din kompetanse.
- Bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
- Hjelp til bustad – vi kan bistå med å finne bustad i kommunen.
- Gratis SFO og full barnehagedekning – gode ordningar for deg med barn.
Kontaktinformasjon
Kåre Einar Larsen, Kommunedirektør, 90585268, Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.noAstrid Marie Engeli, Einingsleiar Stab, +47 47658969, Astrid.Marie.Engeli@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5077184640
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d72260e-b59b-45c3-a191-dc81dfe93470
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cdeb1abfb174cd99c54f7bc399ef82c
Lignende annonser
Er du vår nye rektor med med visjonar og gjennomføringskraft?
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral
Vil du jobbe som brukertyrst personali assisten (BPA)?
Arbeidsgiver
Åseral kommune
Sted
Åseral