Hopp til innhold

Er du vår nye rektor med visjonar og gjennomføringskraft?

Arbeidsgiver

Åseral kommune

Sted

Bordalsbakken 10, 4540 Åseral

Om jobben

Stillingstittel
Er du vår nye rektor med med visjonar og gjennomføringskraft?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 6. mars

Vil du vere med å forme framtidas skule i Åseral?

Åseral skule har ein klar visjon: «Vi kan, vi vil – då får vi det til!» Vi ønskjer at alle barn og unge skal få vakse opp til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Vi trur på fellesskap og samarbeid – for elevane, for dei tilsette og for lokalsamfunnet.

No ser vi etter ein rektor som vil ta leiarskap i denne utviklingsreisa.
Som rektor ved Åseral barne- og ungdomsskule blir du ein nøkkelperson i å styrke det profesjonsfaglege fellesskapet,
slik at alle tilsette ser si rolle i å ta eit kollektivt ansvar for elevane si læring og trivsel.
Du får moglegheita til å påverke retninga for skulen og bidra til strategisk utvikling i kommunen.

Kva kan vi tilby?
Ein skule med 110 elevar og 30 dyktige tilsette.
Eit stabilt personale med profesjonsfagleg integritet.
Ein arbeidskultur der du får rom til å utvikle deg som leiar.
Moderne fasilitetar og flotte uteområde – midt i idylliske Kyrkjebygda.
Ein leiargruppe med rektor og to avdelingsleiarar, samt plass i kommunedirektøren si leiargruppe.


Her møter du eit kollegium med høge forventningar til kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.

Skulen sitt satsingsområde dette året er dysleksivennleg undervisning – eit viktig steg mot inkluderande læring for alle.

Er du modig, endringsdyktig og raus? Då håper vi du les vidare og vurderer å bli med på laget vårt!


Arbeidsoppgåver

  • Styrke det profesjonsfaglege fellesskapet ved å vidareutvikle arbeidet rundt læringsoppdraget
    og sikre eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø for alle elevar.
  • Vere ein tydeleg og synleg leiar som set klare mål, formulerer forventningar og har gjennomføringskraft til å realisere framtidas skule.
  • Fremje innovasjon og delingskultur gjennom aktiv involvering av tilsette i utviklingsprosessar og satsingar.
  • Drive systematisk kvalitetsarbeid basert på forsking og i tett samarbeid med personalet for å sikre høg kvalitet i undervisninga.
  • Leie og utvikle leiargruppa slik at den mobiliserer kompetansen til alle tilsette til beste for elevane si læring og trivsel.
  • Bygge skulen sitt omdømme og styrke relasjonane til lokalsamfunnet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette.
  • Sikre effektiv ressursutnytting i tråd med mål og strategiar for skulen og kommunen.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning.
  • Leiarkompetanse – gjerne formell leiarutdanning eller erfaring frå leiande stilling.
  • Kjennskap til opplæringslova, forskrifter og gjeldande regelverk.
  • Kompetanse i pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
  • Erfaring med økonomi- og personalansvar.
  • Gode digitale ferdigheiter og forståing for teknologi i undervisninga.
  • Erfaring frå arbeid i skule eller oppvekstsektor.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå endringsarbeid og kvalitetsutvikling.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid og relasjonsbygging

  • Gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskaper

Vi ser etter ein leiar som har barn og unge sitt beste i fokus og som ønskjer å bidra til at Åseral er ein trygg og god stad å vakse opp.

Du er:

  • Utviklingsorientert og nytenkjande, med evne til å sjå moglegheiter og drive endring.
  • Bevisst på leiarskapets påverknad, og sikrar kvalitet i tenestene gjennom tett oppfølging av praksis.
  • Pedagogisk og administrativt sterk, med vilje og evne til å leie elevar, personale og føresette.
  • Kulturbyggar, som motiverer og skaper felles forståing for viktigheita av samarbeid mot felles mål.
  • Inspirerande og samarbeidsorientert, også på tvers av fagområde, og trygg i handtering av krevjande saker.
  • Strategisk og nærværande, med god balanse mellom langsiktig utvikling og dagleg drift.
  • Strukturert, målretta og løysingsorientert, med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Kommunikasjonssterk, både skriftleg og munnleg, og beslutningsdyktig når det trengst.

    Framfor alt er du ambisiøs på vegner av barn og unge, og brenn for at alle skal få utvikle seg til den beste utgåva av seg sjølv – klare til å delta aktivt i samfunns- og arbeidsliv og ta gode val for seg sjølv og andre.

Kvifor velgje Åseral?

  • Du får ei nøkkelrolle i utviklinga av oppvekstsektoren
  • Vi kan tilby konkurransedyktig løn – etter avtale.
  • Du møter eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med engasjerte og kompetente kollegaer.
  • Du deltek i eit tverrfagleg samarbeid som gir brei kompetanseutvikling og spennande faglege møtepunkt.
  • Du vår utfordrande og varierte arbeidsoppgåver som gir rom for utvikling og påverknad.
  • Du får moglegheiter for vidareutdanning og leiarutvikling – vi investerer i din kompetanse.

  • Bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
  • Hjelp til bustad – vi kan bistå med å finne bustad i kommunen.
  • Gratis SFO og full barnehagedekning – gode ordningar for deg med barn.

Kontaktinformasjon

Kåre Einar Larsen, Kommunedirektør, 90585268, Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.no
Ellen Ubostad Haaland, Personal- og organisasjonsleiar, +47 90045127, euh@aseral.kommune.no

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5044623258
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ellen Ubostad Haaland

Personal- og organisasjonsleiar

+47 90045127

euh@aseral.kommune.no

Kåre Einar Larsen

Kommunedirektør

90585268

Kare.Einar.Larsen@aseral.kommune.no

Om bedriften

Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8b5d64c3-7425-4fff-8303-8a02ade182de

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6f4044d5bb94421f9d604c2c47ab61e7

Lignende annonser