Ledige stillingar som barne og ungdomsarbeidar ved Søre Grindstugu og Lalm barnehage
Lalm Barnehage og Søre Grindstugu
Vågå
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100% og deltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 7
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Alle barn og unge i Vågå skal oppleve at dei har eit trygt, godt og inkluderande oppvekst- og læ ringsmiljø for å unngå at dei fell utanfor i skule, barnehage og på fritida. Vågå kommune skal ha ein solid kultur for inkludering og fellesskap for alle barn gjennom gode oppvekstvilkår og gode arenaer for læring og utvikling .
(Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå).
Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km øst for Vågåmo sentrum.
Avdelingane er: Humlebolet 1 åringar, Revehiet 2 åringar og Bjørnehiet 3-5 åringar.
Søre Grindstugu barnehage ein fem-avdelingsbarnehage som er ligg i sentrum.
Avdelingane er: Marihøna 1 åringar, Ekornet 2 åringar, Haren 3 åringar, Rådyret 4 åringar og Elgen 5 åringar.
For neste barnehageår har vi ledig desse stillingane ved Lalm barnehage og Søre Grindstugu barnehage:
-
Inntil 400% faste barne -- og ungdomsarbeidarstillingar.
-
Inntil 200% mellombelse barne -- og ungdomsarbeidarstillingar.
-
100% svangerskapsvikariat som barne -- og ungdomsarbeidar.
-
Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna.
-
Bidra i endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.
-
Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel.
-
Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
-
Samarbeide tett med kollegaer om å løyse barnehagens oppgåver.
-
Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar.
-
Kan få som oppgåve å vera rettleiar for lærlingar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget.
-
Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men annan relevant bakgrunn kan vurderast.
-
Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg.
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar Vi verdsett mangfold, ønskjer at du tek ansvar og bidreg i utviklinga av barnehagen.
Vi ser etter ein person som:
-
Har evne til å ha delansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa.
-
Er ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel.
-
Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål.
-
Har eit glødande engasjement for barna.
-
Er oppteken av fagleg utvikling og vidareutvikling av barnehagen.
-
Ønskjer å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis.
-
Har uteglede og har evne til å inspirere barna i natur og uteaktivitetar.
-
Eit godt arbeidsmiljø.
-
Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling.
-
Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring.
-
Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler.
-
God pensjonsordning.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km øst for Vågåmo sentrum.
Avdelingane er: Humlebolet 1 åringar, Revehiet 2 åringar og Bjørnehiet 3-5 åringar.
Søre Grindstugu barnehage ein fem-avdelingsbarnehage som er ligg i sentrum.
Avdelingane er: Marihøna 1 åringar, Ekornet 2 åringar, Haren 3 åringar, Rådyret 4 åringar og Elgen 5 åringar.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1d39021c-21d7-4efa-9143-ec19c5423957
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1d39021c-21d7-4efa-9143-ec19c5423957