Hopp til innhold

Karriere i Helse Bergen? Vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2026 ved Psykisk helsevern

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2026 ved Psykisk helsevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. 

Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt

*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/ S6 søker sjukepleiar/vernepleiar
*  Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/ S4/ S5 søker sjukepleiar/vernepleiar, 3-delt turnus i sommarperioden
*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1/ PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar, noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden 
*  Avdeling alderspsykiatri, søker sjukepleiar/vernepleiar. Ein kan og få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden
*  Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS), søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg

Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling. Frå hausten 2026 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan  avdeling i Psykiatrisk klinikk.

Kronstad DPS, Psykose døgn og Allmenn døgn har ledig følgande stillingar:

*  100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
*  100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan og få 3-delt turnus eller kun natt. For desse stillingane kan ein få vidare fast stilling i Bemanningssenteret i føretaket.


For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdeling og ein kan få vidare fast stilling i Bemanningssenter i føretaket frå hausten.

*  Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Krav om Politiattest, jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. 

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.


Kvalifikasjonar (overskrift)

Her kan du lese meir om Psykisk helsevern                                                  Her kan du lese meir om Bemanningssenteret i føretaket 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5038277246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1d293d3a-1ea0-4239-b200-d220eb1f4acf

Sist endret

1. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

c2501f36c4fc46f8b06f64d1d0861e36

Lignende annonser