Hopp til innhold

Prosjektstilling som kyrkjelydspedagog

Arbeidsgiver

Askvoll sokn

Sted

Askvollvegen 379, 6980 Askvoll, Dalstunet 35, 6963 Dale i Sunnfjord, 6957 Hyllestad, 6993 Høyanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektstilling som kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Inntil 100% stilling i 3 år.

Stillinga kan eventuelt delast opp og det vert då høve til team-arbeid for dei som er tilsett.
Sokna i Askvoll, Fjaler, Høyanger og Hyllestad har inngått eit nytt samarbeid om felles pedagog til den kyrkjelege undervisninga for barn og unge frå 0-18 år i samarbeidsområdet.

Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av dei vedtekne planane i sokna.

Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med lokale utval i sokna, styringsgruppa for stillingssamarbeidet, sokneprest, kantor/organist og andre lønna og ulønna medarbeidarar.

Det er om lag 1350 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 totalt i sokna. Plan for den kyrkjelege undervisninga er vedteke i alle sokna, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno.

Arbeidet vil vere lokalisert i heile regionen. Ein naturleg felles samlingsstad er Alværa kyrkje- og misjonssenter (NMS). I regionen er det mange lokale som er godt  eigna for arbeidet med barn og unge, med mellom anna multimediautstyr, fleksibel møblering, kjøkkenfasilitetar m.v. Det er jamt over god oppslutning i sokna. For nærare informasjon om sokna og om undervisningstilbodet til barn og unge, sjå:

www.kyrkja.no/askvoll
www.kyrkja.no/fjaler/
www.hyllestad.kyrkja.no
www.kyrkja.no/hoyanger


Arbeidsoppgåver

  • Fylgje opp og vidareutvikle lokale planar for kyrkjelege undervisning og læring i sokna
  • Saman med utval på soknenivå og styringsgruppa ha ansvar for at tiltaka i læringsplanane vert gjennomførte.
  • Ansvar/deltaking i gudstenester knytt til kyrkjeleg undervisning og læring
  • Ha ansvar for, og delta i arbeid blant born og unge, mellom anna konfirmantarbeid.
  • Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.
  • Profilere kyrkjeleg undervising og læring i ulike medier.
  • Rapportering.

Vi ynskjer ein person som:

  • Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.
  • Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
  • Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.
  • Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.
  • Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
  • Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).

Opplysningar om stillinga:

  • Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtale i KA sitt tariffområde.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Kyrkjeverja i vertsfellesrådet er næraste overordna for stillinga.
  • Fast kontorplass etter avtale.
  • Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Søkjar må disponere bil (skyssgodtgjersle).
  • Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest. Oppstart i stillinga: 1. februar eller etter avtale.

Kontaktinformasjon

Stig Johnny Fitje, 917 63 803, sf729@kyrkja.no
Rune Ziener, 479 63 319, rz459@kyrkja.no

Arbeidssted

Askvollvegen 379
6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Askvoll sokn

Referansenr.: 5042301552
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026

Om bedriften

Askvoll, Fjaler og Hyllestad kommunar, med til saman over 7000 innbyggarar, omkransar fagre Dalsfjorden i vakkert kystlandskap. Det er gode kommunikasjonar sørover til Bergen (ca. 2,5 t) med to daglege ekspressbåtavgangar sørover, forutan bussforbindelse og kort veg til Førde med bil/buss (ca. 1 t).

Sektor

Ikke oppgitt

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1c0c899f-005c-45e9-96d5-c9d4307c9462

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c10de79c62c6481cb3dc3ba1a1837926

Lignende annonser

Laster lignende annonser