Helsesekretær/sekretær
Voss sjukehus/ Voss Kirurgisk avdeling, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. juli
Voss Sjukehus, Kirurgisk Avdeling har ledig 80% fast stilling som helsesekretær/sekretær.
Me søkjer ein engasjert og strukturert helsesekretær/sekretær som ynskjer å bidra i eit spennande og variert arbeidsmiljø. Hjå oss får du mogelegheit til å utvikle deg fagleg, jobbe med eit breitt spekter av oppgåver og vere ein viktig del av pasientane si oppleving av trygg og god helsehjelp. Du vil arbeide tett saman med anna fagpersonell og vere ein sentral ressurs i kvardagen vår.
Om Kirurgisk Avdeling
Kirurgisk avdeling er ei samla eining for fagområda kirurgi og ortopedi, og tilbyr behandling til både døgn-, dag- og polikliniske pasientar. Me handterer planlagde inngrep, konsultasjonar og øyeblikkeleg hjelp, og har eit sterkt fokus på kvalitet og pasienttryggleik.
Hjå oss blir du ein del av eit engasjert og samarbeidande fagmiljø med brei kompetanse. Her jobbar helsesekretærar, sekretærar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiologar og sosionom tett saman for å sikre god pasientbehandling og effektiv drift.
Som sekretær ved Kirurgisk avdeling får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du er ein viktig del av eit inkluderande fellesskap med høg fagleg standard og godt arbeidsmiljø.
Om Voss Sjukehus
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttfunksjon innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Me har eit opptaksområde på omlag 30 000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger.
Sjukehuset spelar ei sentral rolle i helsetilbodet i regionen og har høg aktivitet gjennom heile året.
Sjukehuset er ein del av Helse Bergen og har tett fagleg samarbeid med avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Me er om lag 400 tilsette med eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling.
Om Voss
Voss er ein god stad å bu med eit rikt tilbod både for familiar og enkeltpersonar. Her finn du eit godt oppvekstmiljø med godt utbygde barnehagar og eit solid skuletilbod – inkludert to moderne vidaregåande skular.
Kommunen er kjend for sitt mangfaldige kultur- og friluftsliv. Med kort avstand til både kulturarrangement, naturopplevingar og meir ekstreme aktivitetar, tilbyr Voss noko for alle – året rundt.
Arbeidsoppgåver
- Betene luke som er kombinert poliklinikk resepsjon og legevakt
- Ta imot pasientar og hjelpe andre som henvender seg
Pasientadministrative oppgåver, mellom anna:
- Registrering av pasientar til legevakt og poliklinikk
- Oppgjer av konsultasjonar og koding/kodekontroll
- Tildeling av time og arbeid med ventelister
- Bestilling av pasienttransport og tolketeneste
- Betjene henvendelsar på telefon og elektronisk
Ynskjeleg med utvikling av arbeidsoppgåver etter behovet på sjukehuset. Moglegheit for å utføre anna pasientnært arbeid i samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
Krav om:
- Meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheter og evne til å lære nye system raskt
Ynskje om:
- Utdanning som helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær eller anna relevant utdanning. Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant erfaring frå pasientadministrativt arbeid gjerne frå sjukehus eller spesialisthelseteneste
- God kjenskap til våre elektroniske pasientsystem, fortrinnsvis DIPS Arena. Orbit og IMATIS.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- Møter mennesker med respekt , er imøtkommande og inkluderande
- Er positiv og fleksibel, med evne til å ta utfordringar
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner, som kan bidra positivt i eit aktivt arbeidsmiljø
- Arbeider sjølvstendig og strukturert, er nøyaktig og tar ansvar
- Ynskjer utvikling
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein viktig del av pasientbehandlinga
- Opplæring etter behov og moglegheit for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom offentleg sektor
- Lønn etter gjeldande overeinskomstar og kvalifikasjonar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ranveig Herheim Knapstad, Seksjonsleiar, 97711192Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4989354776
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 13.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Ranveig Herheim Knapstad
Seksjonsleiar
97711192
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b2079d1-479c-4536-b8b2-9f92c9265e0f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25215844402b4ff3b2805822c9db74c4