Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orstad naturbarnehage

Sted

Skogvegen 16, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 03.08.2026 

Vi ser etter deg som brenn for å skape gode barndomsminner, og som ønskjer å jobbe i eit miljø med fokus på natur, leik, utforsking og trygge relasjonar.  
 
Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Hjå oss er leik, mestring, samarbeid og nærleik til naturen ein naturleg del av pedagogikken. Vi er eit fagleg engasjert personale som jobbar målretta for å skape eit innkluderande og godt barnehagemiljø. 

Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan 
  • Legge til rette for barn sin leik, læring, trivsel og utvikling. 
  • Veilede og støtte personalet i det arbeidet. 
  • Ta initiativ til å være pådriver for fagleg utvikling og nytenkning, og sjå ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.    
  • Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelingen, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen.   

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)  
  • Søkarar må tilfredstille krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal 
  • Godkjend politiattest må foreligge før tiltredelse  
  • For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste 
  • Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute 
  • Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta 
  • Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team 
  • Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam 
  • Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel 
  • Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv 
  • Du har fokus på nærvær 
  • Du må ha helse som er foreneleg med det å jobbe i barnehage 

Vi tilbyr

Lønn etter gjeldene avtaleverk og pensjonsordninger i KLP.

Fadderordning

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar. 

Kontaktinformasjon

Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317

Arbeidsstad

Skogvegen 16
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5100480805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Elin Solheim Pedersen

Styrar

+47 45037317

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1b0c0934-e2d0-4cda-942f-9e8f42f9265a

Sist endret

20. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

17c6d7b21b7a4a6a8be1ded7744d5c24

Lignende annonser

Laster lignende annonser