Hopp til innhold

Prosjektleiar: Læring i friluft

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv

Sted

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Vil du bidra til meir praktisk og variert undervisning i grunnskulen?

 

Prosjektet Læring i friluft skal vere eit kompetanseløft for lærarar som tek i bruk naturen og nærmiljøet som læringsarena i ulike skulefag. 

Prosjektet går føre seg i perioden 2026–2028. Friluftsrådet vil inngå samarbeid med 10–15 skular i regionen. Kvar skule får fagleg støtte og rettleiing på eigen skule, og peikar ut to ressurslærarar som deltek i ei ressursgruppe på tvers av deltakarskulene. Ressursgruppa vil ha ein til to felles samlingar kvart år. 

Me søkjer no ein prosjektleiar som skal ha ei rettleiande og koordinerande rolle i prosjektet. Friluftsrådet gjennomfører prosjektet i samarbeid med mellom anna Høgskulen på Vestlandet, Breheimsenteret og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Prosjektleiaren vil få opplæring i Læring i friluft-metodikken. 

Målet med prosjektet er å bidra til at naturen vert ein naturleg del av skulekvardagen – ikkje som ei ekstra oppgåve, men som eit pedagogisk verktøy som gjer undervisninga enklare, meir variert og meir motiverande. Friluftsrådet ynskjer særleg å satse på grunnskulen i dette arbeidet. 

Veke 13 blir det fagsamling for prosjektleiarar med opplæring i Læring i friluft metodikken for alle deltakande friluftsråd. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett kan delta på fagsamlinga den veka, sjølv om engasjementet skulle starte seinare. 

Stillinga er mellombels med ei varigheit på 12 månader, med moglegheit for ytterlegare 12 månaders forlenging. Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men lågare stillingsprosent kan avtalast ved behov. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Tileigne seg oppdatert kunnskap om metode og verktøy for Læring i friluft 

  • Organisere og halde kurs for lærarar i Læring i friluft-metode, med tilhøyrande rettleiing 

  • Besøke skular som deltek i prosjektet, samt delta i ressurslærarane og skulane sin aktivitet 

  • Søknadsskriving, budsjettansvar og føring av prosjektrekneskap 

  • Representere friluftsrådet i fagfora og nettverk 

  • Andre arbeidsoppgåver knytt til friluftsrådet sine aktivitetar vil kunne tilkomme 

 

Kvalifikasjonar 

  • Relevant skulefagleg/pedagogisk kompetanse 

  • Undervisningserfaring frå grunnskulen 

  • Kompetanse og erfaring relatert til uteskule og friluftsliv 

  • God munnleg og skrifteleg framstillingsevne 

  • Lokalkjennskap er eit føremon 

  • Førarkort klasse B 

 

Personlege eigenskapar 

  • Gode kommunikasjonsevner 

  • Evne til å oppnå mål og resultat 

  • Like å kombinere kontorjobbing med utstrakt samarbeid  

  • Løysingsorientert og initiativrik 

  • Strukturert, sjølvstendig og flink til å samarbeide 

 

Me tilbyr 

  • Løn etter avtale 

  • Offentleg tenestepensjon i KLP 

  • Fleksibel arbeidstid 

  • Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø 

  • Kontorstad innanfor friluftsrådet sitt nedslagsfelt 

 

Om oss 

Sogn Friluftsråd er friluftsrådet som held til inst i Sognefjorden. Fjorden bind saman våre medlemskommunar Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Vi skal vi arbeide for eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsliv i Sogn. Saman med kommunane og frivillige organisasjonar skal vi arbeide for at våre innbyggjarar får oppleve livsvarig friluftsglede, heile året! 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1a8645dd-3981-4f01-a88e-77479092d322

Sist endret

14. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3590483_233949_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser