Vil du jobbe som rådgjevar byggesak- midt i hjarta av Vestland ?
Voss herad Byggesak og næring
Uttrågata 9, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar byggesak
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Me søkjer etter ein engasjert og strukturert person som vil vere med å utvikle bygda vidare. Me søkjer etter ein rådgjevar innan byggesak som vil bidra til god, effektiv og rettstrygg sakshandsaming – og til open og konstruktiv dialog med innbyggjarane våre. Stillinga er fast. Byggesak har 5 stillingar og er ein del av byggesak og næring, organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester. Heradet har for tida høg aktivitet innan sentrumsutvikling, reiseliv, bustadbygging og næringsutvikling. – noko som gir ein variert og spanande sakstilgang.
Me tilbyr
- Eit inkluderande og skapande arbeidsmiljø
- Eit fagleg sterkt og sosialt miljø
- Gode vilkår for fagleg utvikling og kompetansebygging
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege, kommunale vilkår
- Fleksibilitet i arbeidsdagen
- Nærleik til natur, kultur og folk
Arbeidsoppgåver ved avdelinga
- Handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan og bygningslova
- Rettleiing og oppfølging av søkjarar og publikum
- Seksjonering og matrikkelføring
- Handsaming av klagesaker
- Tilsyn og oppfølging av ulovlege tiltak mm
- Førebuing av saker til politisk sakshandsaming
Me ynskjer at du har
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan eigedomsfag, juss eller arkitektur
- God røynsle innanfor plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- Gode samarbeidsevner
- God kjennskap til plan- og bygningsrett og offentleg forvaltning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning
- Me legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter ein sjølvstendig, motivert og fleksibel medarbeidar som er løysingsorientert.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a769388-2c63-416b-a3f5-bfa4c6c6cd86
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3594317_213853_nn