Avdelingsleiar institusjonstenester
Aurland kommune
Aurland Helsetun/omsorgssenter, Skjerdalsvegen, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar institusjonstenester
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. november
Om stillinga
Avdelinga institusjonstenester i Aurland kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 18. januar 2027.
Vi søkjer no ein engasjert og tydeleg leiar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, tek initiativ og trivst med ansvar og nye utfordringar.
Stillinga er direkte underlagt kommunalleiar for helse og omsorg. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa og bidra aktivt i utviklingsarbeid, omstilling og strategiske prosessar for å sikre heilskaplege og framtidsretta tenester.
Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for fag, personal, økonomi og drift i eiga avdeling.
Det er 24 institusjonsplassar som er samla ved Aurland helsetun og omfattar langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling. Institusjonskjøkkenet produserer mat til både bebuarar ved helsetunet og heimebuande brukarar, og har eigen fagleiar.
Aurland kommune har som mål at innbyggjarane skal kunne leve aktive og sjølvstendige liv, og ta medansvar for eiga helse. Helse- og omsorgstenestene skal vere heilskaplege, samordna og prega av førebygging, helsefremjing og høg kvalitet.
Utvikling og endring
Ved institusjontenester er det tilsette med god kompetanse med pasienten i fokus.
Avdelinga er inne i ei spanande utvikling med fleire viktige endringar dei komande åra. Vi nyttar journalsystemet Profil i dag, som etter planen skal bytast ut med eit nytt system i 2027. Det komande året skal vi også ta i bruk digital vaktbok og kalenderplan.
Det er vidare ein pågåande prosess med å etablere fagansvarleg i alle avdelingar. Som avdelingsleiar vil du samarbeide tett med fagansvarleg for å styrkje fagutvikling, kvalitet og gode tenester til brukarane. Du vil ha ei sentral rolle i å leie og følgje opp endringsarbeidet i avdelinga.
Arbeids- og ansvarsområde
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine mål, strategiar og vedtekne føringar.
- Planleggje, leie og koordinere den daglege drifta av avdelinga.
- Sikre fagleg forsvarlege tenester og arbeide systematisk med fag- og kvalitetsutvikling.
- Følgje opp avvik, forbetringsarbeid og internkontroll, samt sørgje for at nødvendige tiltak blir sette i verk.
- Skape ein kultur prega av læring, samarbeid, medverknad og kontinuerleg forbetring.
- Samarbeide på tvers av avdelingar og tenester for å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod.
- Ha ansvar for turnus- og bemanningsplanlegging, med fokus på ressursar og kvalitet i tenestene.
- Personalleiing, inkludert rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar.
- Ha ansvar for at avdelinga blir driven innanfor vedtekne budsjett- og økonomiske rammer.
- Bidra til eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande og relevante samarbeidspartnarar.
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale etter Hovedtariffavtalen kap 4. 7451 avdelingsleiar
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld?
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelorutdanning, fortrinnsvis innan sjukepleie eller vernepleie.
- Det er ynskjeleg at du har motivasjon for fagleg utvikling og vidareutdanning innan leiing.
- Leiarerfaring frå kommune- eller spesialisthelsetenesta er å føretrekke.
- Erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid er ynskjeleg.
- God forståing for strategisk planlegging, økonomistyring og administrasjon.
- Kjennskap til turnus- og bemanningsplanlegging er ein fordel.
- God kunnskap om relevant lovverk innan helse- og omsorgstenester og offentleg forvaltning.
- Erfaring med økonomistyring og budsjettoppfølging.
- God gjennomføringsevne og evne til å finne løysingar, også i krevjande situasjonar.
- God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale løysingar.
Personlege eigenskapar
Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
- Er tydeleg og trygg i kommunikasjonen din.
- Er handlekraftig, tek avgjerder og evnar å prioritere i ein travel kvardag.
- Handterer endringar på ein god måte og har god rolleforståing.
- Tek initiativ, arbeider målretta og systematisk, og følgjer opp resultat.
- Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner på tvers av fagområde og tenester.
- Har evne til å skape engasjement, fremje utvikling og byggje ein kultur for kontinuerleg forbetring.
- Er relasjonsbyggjande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du motiverer medarbeidarar og legg til rette for læring, medverknad og fagleg utvikling.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- Det er viktig at alle søkjarar legg ved vitnemål, tenesteattestar og annan relevant dokumentasjon.
Krav til språk
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktpersoner for stillingen
Joachim Bendiksen Hagen
Stabsleiar helse og omsorg
+4795984651
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Vi ønsker å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Vi er om lag 1 900 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1956bcb8-b295-4a57-98e2-7c1f0d4db773
- Sist endret
19. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313048