Hopp til innhold

Me veks og treng fleire nye tilsette. Er det kanskje deg? Er du pedagog, barnehageassistent eller har du lyst å teste yrket? Ta kontakt då vel!!

Arbeidsgiver

Breiflabben Barnehage As

Sted

Åsen 75, 5440 Mosterhamn

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Pedagogisk medarbeider barnehage
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Send søknad til

annlouise@breiflabben.no

Kven er me?

Me verdset dei små og gode møtene - kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser: Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten - saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle

  • friheit til å påverke eigen arbeidsdag

  • nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga

  • medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar

Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage: I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift - er du den som fasiliterer dette?

Kven er du?

Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon - men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!

Me er i vekst og har ledig ei 100% fast stiling og eit årsvikariat i 100%stilling (med moglegheit for forlengelse). Me ynskjer å høyre fra deg som er utdanna pedagog, barne og ungdomsarbeider/fagarbeidar, deg som har erfaring eller du som ynskjer å teste ut om barnehage yrket er noko for deg. Me er på jakt etter deg som:

  • har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna

  • er trygg i rolla som pedagog/pedagogisk medarbeidar/assistent

  • er brennande opptatt av å setje barns beste først

  • er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg

  • kan arbeida sjølvstendig

  • er fleksibel

  • Meiner at barn har det beste ute

  • Kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen

  • Er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm

Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!

Arbeidsoppgåver

  • leie/delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskrifter

  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen

  • sørgje for godt foreldresamarbeid, leie/delta på foreldremøter og foreldresamtalar.

  • delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet

Me ynskjer oss gjerne fleire menn i barnehagen vår og oppfordrer gjerne menn til å søkje.

Aktuelle kandidater vert teke inn til intervju undervegs. Ta og gjerne kontakt på anten mail eller telefon om du har spørsmål om stillinga.

Kontaktperson for stillingen

Ann Louise Kaldestad

Styrar

95779685

annlouise@breiflabben.no

Om bedriften

Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

186c9994-484e-4461-9d87-b9afbfd5c524

Sist endret

7. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

186c9994-484e-4461-9d87-b9afbfd5c524

Lignende annonser

Laster lignende annonser