Funksjonsleiar felles intensiv og dagkirurgi
Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak, Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Funksjonsleiar felles intensiv og dagkirurgi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Sjukehuset vårt har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Vi har byliv tett på sjø og fjell og mange flotte turløyper i kommunen. Her kan du bu landleg eller sentralt med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsannlegg i nærområdet. Oppvekstvilkåra for barn og ungdom er gode, vi har fleire barne- og ungdomsskular, og eit mangfoldig tilbod innan idrett, kunst og kultur. På Stord finn ein fleire vidaregåande skular og Høgskulen på Vestlandet.
Stord er ein landfast bykommune sentralt plassert mellom Stavanger og Bergen. Vi har flyplass med direkterute til Oslo, og kommunen er elles eit sentralt trafikknutepunkt.
Intensiveininga på Stord sjukehus har eit stort spekter av pasientar, alt fra lett overvakning for inneliggande pasienter til respiratorpasientar med fleirorgansvikt. Vi har ikkje kontinuerlig hemofiltrasjon, så pasientar som er avhengige av det må sendas viare til Haugesund sjukehus. Avdelinga har høg kompetanse og 90% er spesialutdanna. Den dagkirurgiske eininga har ikkje berre ASA I og II pasientar, vi handsamer og ASA III og nokre ganger ASA IV.
Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Administrering av personell og dagleg drift av avdelinga innan gitte rammer
- Følgje opp daglege drift. Vi brukar ressursstyringssystemet GAT
- Tillretteleggje for og følgje opp nytilsette
- HMS-ansvar. Inspirere og bidra til godt arbeidsmiljø
- Delvis inngå i den daglege drifta
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og sjukehuserfaring
- Vidareutdanning og erfaring i intensivsjukepleie er ønskeleg
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kan jobbe sjølvstendig
- har motivasjon for leiing og utvikling
- er løysningorientert, god på samarbeid og beslutningsdyktig
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- har interesse i å vidareutvikle einingane
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Stor grad av sjøvstendende
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, med funksjonstillegg for leiarrolla
- Leiarutviklingsprogram
Kontaktinformasjon
Anne Catherine Skaar, Avdelingsleiar, 99622194, anne.catherine.skaar@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5097784711
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1839ea02-7c50-4eff-b512-ebfd91cbfd98
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d2a2bceb1f74313bf9f73d2e9ad4faa