Hopp til innhold

Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

Arbeidsgiver

Klinisk fysioterapi og førebygging, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Spesialfysioterapeut/fysioterapeut
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 50% fast stilling og 50% vikariat for fysioterapeut/ spesialfysioterapeut. 

  • Arbeidsstad:  Førde sentralsjukehus
  • Oppstart:        05.01.2026, eller etter avtale. 
Stillingane kan kombinerast til 100% stilling totalt.


Om stillinga
Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar skal starte som doktorgradsstipendiat, og vi ser derfor etter ein engasjert fysioterapeut som kan bidra på tvers av ulike avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot behandling og oppfølging av innlagde pasientar, og inneber tett samarbeid med andre faggrupper i eit dynamisk og fagleg sterkt miljø.

Om seksjonen 
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i Medisinsk klinikk under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapiseksjonen har 23 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar. Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeidar ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk.

Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.

I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling, er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet Pust Deg Bedre og VR for menneske med hjerneslag: 

Erfaringar med VR som fysioterapitiltak i rehabilitering av hjerneslagpasientar. Ein intervjustudie (fysioterapeuten.no)


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre kliniske undersøkingar, funksjonsvurderingar og målretta oppfølging av innlagde pasientar og av pasientar på rehabiliteringsavdelinga.
  • Bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid med relevante faggrupper for å sikre heilskapleg pasientbehandling.
  • Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
  • Delta i fagutvikling, internundervisning og kompetansedeling på tvers av avdelingar.
  • Samhandle med primærhelsetenesta for å sikre god overgang og oppfølging etter utskriving.
  • Delta i helgevakts - og heilagdagsturnus 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring med arbeid i tverrfaglege team.
  • Erfaring fra spesialisthelsetjenesta er ønskeleg.  
  • Brei fagleg kompetanse og erfaring. 
  • Interesse for rehabilitering, og ønskeleg med videreutdanning i rehabilitering.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner.
  • Du må kunne strukturere dagen din.
  • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av tverrfaglige team.
  • Du er løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle deg som terapeut.
  • Du er fleksibel og har fagleg engasjement.
  • Du har gode evner til å engasjere og motivere.
  • Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ordning med fadder og mentor for nytilsette.
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Moglegheit til å være en del av eit sterkt fagmiljø, samt være med å videreutvikle oppgåvedeling og tverrfagleg poliklinikk. 
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.
  • Bli en del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5050582193
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.12.2025

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

183181c2-2725-4f20-a84f-e55af271890f

Sist endret

23. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

e0b4926ac84f4f66803a702e56ae56f2

Lignende annonser

Laster lignende annonser