Hopp til innhold

Lege i spesialisering (LIS3)

Arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS3) ved psykiatrisk klinikkAllmennlegar som treng sjukehusteneste blir oppfordra til å søkje engasjement.

Pskykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering. lokal sikkerheitspost og ambulant sikkerheitsteam. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust. 

Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. 

Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde. Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling. 

LIS3 stillinga er ledig frå snarleg/etter nærmare avtale.


    Arbeidsoppgåver

    • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
    • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
    • Delta i 9-delt vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
    • LIS3 får utarbeidd eigen utdanningsplan tidleg i utdanningsløpet i henhold til oppnåing av læringsmål knytt til spesialiseringsløpet i psykiatri.

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
    • Søkjar må ha førerkort i klasse B
    • Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til engasjement

    Personlege eigenskapar

    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

    Vi tilbyr

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Rekrutteringstilegg
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad

       
    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, +47 900 37 348

    Arbeidsstad

    Svanehaugvegen 2
    6812 FØRDE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Førde

    Referansenr.: 5018081601
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigmund Erling Bjørhovde

    Seksjonsleiar Legar PSK

    +47 900 37 348

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    38411885-6927-479f-bb6d-8c3d680d35f4

    Sist endret

    29. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    2eed7cde714b4137b72235036473ba05

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser