Leiar for NAV Ullensvang
Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
'Vil du bidra til å utvikle framtidas arbeids- og velferdstenester?
Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil ta utfordringa med å vidareutvikle Nav Ullensvang. Hos oss får du ei sentral rolle i eit viktig samfunnsoppdrag: å få fleire i arbeid og sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kontoret har 24 tilsette fordelt på statlege og kommunale stillingar, og du blir leiar for eit felles kontor med kommunalt tilsetjingstilhøve. Som leiar har du det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre heilskaplege tenester og bidra til størst mogleg yrkesdeltaking.
Nav Ullensvang er ein del av Nav region Voss og Hardanger, og samarbeid på tvers av kommunar og internt i kommunen blir avgjerande for å lukkast. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn i Ullensvang kommune og regionleiar i Nav region Voss og Hardanger.
Kva går jobben ut på?
- Fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
- Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene
- Lede endrings- og forbetringsprosessar, inkludert digitalisering
- Skape gode rutinar og systemretta arbeid
- Aktiv kontakt med næringsliv, offentleg og frivillig sektor
- Sikre samhandling og heilskap i tenestene
- Systematisk HMS-arbeid og inkluderande arbeidsliv
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring med leiing av team eller einingar
- Erfaring med endringsleiing og omstillingsprosessar
- Erfaring med strategisk planarbeid, budsjett og økonomistyring
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Forståing for leiing i todelt styringsmodell (stat og kommune)
- Forståing for Nav sitt samfunnsoppdrag
Det er ein fordel om du har
- Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming
- Erfaring med partssamarbeid og tverrsektorielt samarbeid
- God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye løysingar
- Førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
Som leiar i Nav jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å skape tillit og sjå potensialet i dine tilsette.
Gode relasjonsevner og evne til å byggje eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.
Vi ser etter ein kontorleiar med gode kommunikasjonsevner som motiverer tilsettgruppa og skapar eigarskap til felles mål og prioriteringar. I tillegg ønsker vi at vår nye leiar har
interesse for å utvikle kontoret og drive endrings- og forbetringsarbeid. Du har god teknologiforståing og evne til å sette deg inn i nye løysingar og nytte digitale verktøy.
Du skapar gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og handterer dei leiarmessige utfordringane som er knytt til ein todelt leiarmodell.
Kvifor velje oss
- Ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft innan eit viktig samfunnsområde
- Eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø med høg trivsel
- Ei rolle i sektoren KNS og organiseringa av denne i Ullensvang kommune
- Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for pensjon og forsikring
- Løn etter avtale
Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal- eller etnisk bakgrunn.
Stillinga er ledig frå 01.01.2026.
Spørsmål om stillinga kan rettast til regionleiar Eirik Verpelstad tlf. 91152458.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Gunnvor S. Medhus
Kommunalsjef Kultur, næring og samfunn
+47 97558407
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17d05a3b-21d8-4fae-a0dd-b21c5391dedd
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3573227_189351_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik legekontor
Sted
Kinsarvik
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik