Lege i spesialisering (LIS2/3), Indremedisin
Medisinsk avdeling, Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Oppstart
- 1. mars 2027
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. september
Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus aukar vi frå ni til ti LIS 2/3-stillingar. Vi har ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Faste fordjupingsdagar er integrert i den rullerande vaktplanen.
Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i arbeid på sengepost og ved poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.
Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.
- Utdanningsplan for spesialiseringa finn du ved å klikke på teksten
- Her kan du lese meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland
👉 Søk i dag – aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!
Kva går jobben ut på?
- Følgje opp og behandle pasientar i samarbeid med eit tverrfagleg behandlingsteam.
- Delta i utgreiing og behandling.
- Arbeide i akuttmottak, på sengepost og ved poliklinikk.
- Utføre journalføring og anna dokumentasjonsarbeid.
- Samarbeide med andre faggrupper og avdelingar.
- Delta i internundervisnings og fagleg utviklingsarbeid.
Kva kompetanse er viktig i denne jobben?
- Norsk autorisasjon som lege.
- Du må ha gjennomført og fått godkjent LIS1 innan startdatoen for å bli vurdert til stillinga.
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta er eit krav.
- Du må ha gode grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å setje deg inn i nye fagsystem og elektroniske pasientjournalar (EPJ).
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- tek ansvar og spør om du lurar på noko
- er fagleg engasjert og motivert for å lære
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?
Hos oss blir du ein del av eit breitt indremedisinsk fagmiljø der det er kort veg til støtte, rettleiing og faglege diskusjonar. Du får høve til å utvikle deg, ta ansvar og opparbeide deg brei klinisk erfaring, samtidig som erfarne overlegar følgjer deg tett.
Vi legg til rette for ein arbeidskvardag med gode rammer for fagleg utvikling. Hos oss får du:
- ei 10-delt vaktordning og todeling av vaktdøgnet
- aktiv vakt på sjukehuset og erfarne overlegar i bakvakt
- faste fordjupingsdagar i arbeidsplanen
- regelmessig internundervisning
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- rekrutteringstillegg og gode pensjonsvilkår
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristine Aasheim Imsland, Avdelingsleiar, +47 90695531Philipp Helmut Reichel, Avdelingsoverlege, +47 41075030
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5149914811
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 04.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Philipp Helmut Reichel
Avdelingsoverlege
+47 41075030
Kristine Aasheim Imsland
Avdelingsleiar
+47 90695531
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17b543da-6b6a-42ce-9d92-d103f8c2c62b
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00fa32fccf464de090d5ae0d4c26eeaa