Hopp til innhold

Fagarbeidar veg

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar veg, drift og vedlikehald
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Er du vår nye kollega og medarbeidar?

Er du ein praktikar som likar å fikse ting – og som får energi av å sjå at alt fungerer? Då kan du vere den me ser etter! Me har ledig stilling innan drift og vedlikehald av kommunale vegar og intrastruktur. Ingen dag er lik, og du får ein jobb med stor variasjon, ansvar og synlege resultat.

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vegar. Vedlikehald vert utført både i eigen regi og ved bruk av rammeavtalar, og du vil sjølv utføra mykje av det praktiske arbeidet, samstundes som du følgjer opp eksterne leverandørar ved behov. Du får ansvar for utbetring og oppfølging av kommunen sin vegportefølje, og arbeider dagleg saman med brukarar, leiarar og andre interessentar i kommunen.

Stillinga er plassert i eininga for drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegardar, vegar samt vatn- og avløpssystem. Stillinga er spennande, krevjande og svært variert, med eit tydeleg samfunnsnyttig formål.

Ved behov kan stillinga for rette vedkommande inngå i vaktavtale innan områda vatn og avløp, og det er derfor ein fordel om du bur i kommunen. 

Me søkjer ein engasjert, dyktig og initiativrik medarbeidar som ønskjer å bidra i drift og utvikling av eigedommane og anlegga til kommunen.


Arbeidsoppgåver

  • Planleggja, gjennomføra og følgja opp vedlikehaldsoppgåver og rehabilitering i eigen regi og gjennom eksterne. 
  • Følge opp rammeavtalar, kontraktar og serviceavtalar innan vegdrift, bruer og kaiar.
  • Oppfølging av vegutviding og vegsikring av kommunale vegar.
  • Orden og vedlikehald av verktøy og utstyr.
  • Delta i større og mindre prosjekt knytte til driftsavdelinga, særleg innan områda veg, vatn og avløp.
  • Samarbeide med andre fagområde i eininga for å koordinere aktivitet og styrke tryggleiken i drifta.

Det vil vera behov for å jobbe på tvers av fagområda innan eininga.


Kompetansekrav

Du må ha:

  • Fagbrev innan anlegg. Mekaniske eller andre relevante fagbrev vil også bli vurderte som aktuelle.
  • Relevant erfaring og god praktisk forståing.
  • Sertifikat: klasse B og C, samt BE og T.
  • God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg.
  • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.

Det er ønskeleg med:

  • Sertifikat på truck 
  • G8 lastekran
  • YSK-kurs
  • ADK-sertifikat
  • AVK (arbeidsvarslingskurs)

Kurs og kompetanse kan tilbydast etter avtale.


Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • har praktisk sans og interesse for faget.
  • er strukturert, men fleksibel når kvardagen byr på overraskingar.
  • har vilje til fagleg utvikling og er god på HMT.
  • er sjølvstendig, løysingsorientert og likar å ta ansvar.
  • har gode samarbeidsevner og positive haldningar.
  • trivst med høgt tempo og fysisk arbeid.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.


Kvifor skal du velga oss?

Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.

Normal abeidstid i drift- og vedlikehaldsavdelinga er mandag-fredag frå kl 07.15-15.00. Stillinga har fleksitid med ytre ramme mellom 07.00-20.00. Dersom det vert aktuelt med vaktordning, fell denne utanom normalarbeidstid.

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLPs nettsider.

Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0–16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 
 

Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller er det noko du lurar på etter å ha lese annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppførte som kontaktpersonar i annonsen.


Tilleggsinformasjon

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Jostein Meland

Einingsleiar drift og vedlikehald

+47 90 09 25 87

jostein.meland@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1737a877-f055-416a-a8dd-3629bc03ed63

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283018

Lignende annonser

Fagarbeidar VA, drift og vedlikehald

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdal