Ferievikarar drift og vedlikehald
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar drift og vedlikehald
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Trivast du med praktisk arbeid og mykje frisk luft?
Då kan ein sommarjobb i driftsavdelinga til Tysnes kommune vere noko for deg!
Eining for drift og vedlikehald søker etter ferievikarar for sommaren 2026 til uteseksjonen/driftsavdeling.
Du må vere over 18 år, og ha mogelegheit til å arbeide minst 4-6 samanhengande veker i perioden veke 25 - 34. Skriv gjerne i søknaden din kva veker du er tilgjengeleg for å arbeide.
Kva går stillinga ut på
- vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg
- utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg
- anna påkommande arbeid
Kvalifikasjonskrav
Me søker ferievikarar som har:
- relevant erfaring med praktisk arbeid
- førarkort klasse B
- god norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
Søkarar til uteseksjonen må handtere enkle maskinar f.eks. grasklypparutstyr.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
- sjølvstendig og løysingsorientert
- serviceinnstilt og samarbeidsvillig
- fleksibel og positiv
- motivert og ansvarsfull
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velga oss?
Me tilbyr ein jobb der du er aktiv og får bruke kroppen. Du får god opplæring og blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø. Som ferievikar hos oss får du verdifull kompetanse og arbeidserfaring som gir eit godt grunnlag vidare – enten du skal studere, søke lærlingplass eller gå inn i anna arbeid.
Lønn blir gitt etter gjeldande hovudtariffavtale.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa?
Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0c7ea286-c7f0-46e8-8283-a3bc9ea7c931
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281973
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Ferievikarer til park, idrett og friluft
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os