Førstekonsulent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Storgata 43, 6501 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. januar
Om stillinga
Vi har ledig ei stilling som førstekonsulent i 50 % fast stilling ved vår seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund. Dine hovudarbeidsoppgåver vil vere handtering av publikumsskranken og mottak av kundar som skal bestille norske pass eller ID-kort.
Dette er ei stilling kor du treff mange forskjellige menneske som har eit behov for bistand på ein eller anna måte. Likar du kontakt med andre menneske og er serviceinnstilt, kan dette vere rette stillinga for deg.
Seksjonen vår består totalt av 10 personar. I tillegg til ansvar for publikumskranken har vi ansvaret for den sivile rettspleien i Nordmøre, der politistasjonssjefen i Kristiansund er namsmann.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å gjere ein forskjell. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og registrering av søknad om pass/nasjonalt ID-kort
- Dokumentbehandling, dokumentkontroll og ID-kontroll (vurdere framlagte dokument opp mot søkjar sin identitet)
- Dagsoppgjer/kasseoppgjer
- Betjene publikumsskranke - rettleie publikum
- Betjene politidistriktet sin passtelefon enkelte dagar
- Hovudstevnevitne
- Mottak av hittegods
- Halde seg oppdatert på gjeldande regelverk
- Noko sjølvstendig saksbehandling innan sivil rettspleie (utleggssaker m.m.) kan bli aktuelt
- Kan av seksjonsleiar påleggast andre oppgåver ved seksjonen
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Generell studiekompetanse frå vidaregåande skule
- Gode norsk og engelskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Gode IT-kunnskapar
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskeleg med:
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning / fagbrev. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse frå 1. januar 2023 for å bli vurdert.
- Erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling
- Kjennskap til forvaltningsrett
- Ytterlegare språkkompetanse
- Anna relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
- Initiativrik og løysingsorientert
- Kan arbeide selvstendig, systematisk og strukturert
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og meiningsfull arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
- Fast stilling i 50 % stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408). Full brutto årslønn for 100 % stilling er frå kr. 510 000 til kr. 620 000. Lønna vil bli utbetalt forholdsmessig etter aktuell stillingsprosent.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV-en, er det anledning for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillingen, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det innebærer at minst én søker fra hver av disse gruppene blir innkalt til intervju.
Les mer om positiv særbehandling når man søker jobb i staten her.
Opplysningene du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1734c15f-7c0a-4e9d-8952-cac4b920fc8b
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275545
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N, Molde
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N