Hopp til innhold

Radiograf/sonograf

Arbeidsgiver

RADIOLOGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Radiograf/sonograf
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Radiologisk avdeling Ålesund søkjer ein radiograf med funksjon som ultralydradiograf. Vi har ledig ei fast 100 % stilling ved Ålesund sjukehus.

Har du allereie denne kompetansen og kan tenkje deg ei stilling hos oss? Eller er du radiograf med spesiell interesse for ultralyd, og kan tenkje deg ei utdanningsstilling, som utførande ultralydradiograf? Då ønskjer vi å høyre frå deg!

Arbeidet vil bestå i å utføre ultralydundersøkingar av definerte område i kroppen. Opplæring vil skje ved direkte rettleiing frå radiolog eller ultralydradiograf, og ved sjølvstudium. Det vil bli gjeve grundig opplæring i ultralyd ved oppstart. Arbeidsoppgåver vil kunne bli utvida etter opparbeiding av kompetanse.

Avdelinga vår er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT, MR, beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET-CT og SPECT-CT. Vi har ein topp moderne intervensjonslab for generelle og avanserte intervensjonar, inkludert EVAR. Ålesund har også brystdiagnostisk senter for mammografiscreening og kliniske undersøkingar. Vi har høg produksjon, og dekker dagleg fagområder innanfor lunge, hjarte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barneradiologi, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.
I avdelinga finn du ein god kombinasjon av unge og erfarne radiografar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som likar faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.

Høyrast dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Helse Møre og Romsdal HF ønskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphald i arbeidslivet.   

I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legg ved dokumentasjon på vitnemål, arbeidserfaring og referansar. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.

Ved eventuelt internt opprykk vil vikariat bli ledig. Intervju vil bli gjort fortløpande. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!  Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland. Les meir om Sunnmøre her.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift
  • Utføre ultralyd sjølvstendig
  • Fagansvar
  • Sørge for å oppretthalde eigen kompetanse, samt legge til rette for at kollegaer sin kompetanse er i samsvar med krav og retningslinjer
  • Utarbeide og oppdatere prosedyrar i EQS, i samarbeid med intervensjonsradiolog
  • Oppfølging og vurdering av forbruksartiklar som er hensiktsmessig tilknytt prosedyrar innan fagområdet, i samarbeid med intervensjonsradiolog
  • Opplæring av andre må påreknast
  • Medverke til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Fagleg oppdatert innan radiograffaget
  • God kompetanse i ultralydundersøkingar, anatomi og bildeoptimalisering
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og fagleg engasjert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til sjølvstendig arbeid og gode vurderingar innan eige ansvarsområde
  • Evne til å tenke heilskapleg mellom faggruppene i avdelinga og på tvers, for å oppnå god arbeidsflyt og drift

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5086901670
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Lisa Steinberg

Seksonsleiar

lisa.steinberg@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

166c7675-dd91-4df1-b5f1-420c5a0e7a91

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1457804762014943872cb1a66c1bacd1

Lignende annonser

Laster lignende annonser