Hopp til innhold

Demens/langtidsavdeling m/rekrutteringstillegg

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Rosendalstunet

Sted

Nesvegen 51, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling x 2, Rosendalstunet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sjukepleiar 100 % fast stilling ( 2 stillingar)Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre RosendalTurnus:

Arbeid kvar 3. helg eller turnus med langvakter. Moglegheit for langvakter også i vekedagar.

Har du hjarte for dei eldre og eit godt lag med menneske? Då kan du vera akkurat den sjukepleiaren vi gler oss til å få på laget!

På Rosendalstunet jobbar vi med det viktigaste som finst: gode kvardagar for menneske som treng pleie, omsorg og eit ekstra smil. Her får du høve til å fordjupe deg i geriatrisk sjukepleie i eit fagmiljø som både er sterkt, støttande – og skikkeleg triveleg.

Kven er vi?

Rosendalstunet ligg i nydelege omgivnadar ved Hardangerfjorden (ja, du får nærmast vakker utsikt på kjøpet kvar dag). Institusjonen har 6 avdelingar og 60 plassar fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.

Kva går jobben ut på?

Du vil:

  • Utøva sjukepleiefagleg arbeid i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Gje heilheitleg omsorg og pleie
  • Samarbeida tett med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer.
  • Dokumentera tenestene du yter
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleia kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleia
  • Er trygg og sjøvstendig i faget
  • Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga
  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø- også når det er travelt
  • Trivst med variasjon og kan hantere uforutsigbare situasjonar
  • Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi
  • God IT-kunnskap
  • Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr:
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Rekrutteringstillegg på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid)
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb? Etter eitt år kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage og ingen eigedomsskatt
  • Velferdsteknologi

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

165aae82-f067-460e-a730-d7158b9304c3

Sist endret

3. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3569861_225983_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser