Hopp til innhold

Miljøterapeut/vernepleiar

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger skule/SFO

Sted

Wilhelm Bugges veg, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

2. gongs utlysing

Høyanger skule har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/vernepleiar frå snarast. Stillinga er i hovudsak øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, og andre elevretta tiltak for andre enkeltelevar med særskilde behov.

Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret.


Arbeidsoppgåver:


• Støtte i og utanfor undervisningssituasjonen
• Samarbeid med annan miljøterapeut om skulemiljø, kartleggingar, trivselstiltak m.m
• Samarbeid med lærarar/team og skulen sine samarbeidspartar (PPT, helse)

Kvalifikasjonar:

 

• Høgare utdanning frå høgskule/universitet innan relevante fagområde, t.d pedagog (sosial-, barneverns- eller spesialpedagog), vernepleiar, sosionom. Helsefagleg høgskulebakgrunn retta mot arbeid med barn og unge er også ønskjeleg.
• Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar. Det vil bli gitt naudsynt opplæring, t.d i teiknspråk og/eller teikn til tale


Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt:

 

• Gode kommunikasjonsevner
• Evne til å skape gode relasjonar
• Sjølvstendig og trygg
• Engasjert og utadvendt
• Fleksibel og samarbeidsvillig
• Systematisk og ryddig


Vi tilbyr:


• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

 

Kvifor Høyanger?


• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

 

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

For spørsmål om stillinga, kontakt avdelingsleiar Gry Sissel Sagen på telefon 91595904 eller påtroppande rektor Siv Anita Gudvangen på telefon 95790997.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.


 

 

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gry Sissel Sagen

+47 91595904 +47 57710000

Om bedriften

Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

148a6907-0dd2-4759-a4f4-80dfb3be9ac4

Sist endret

9. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3638965_176901_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser