Barnevernskonsulent
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. august
Arbeidsoppgåver/område:
- Sakshandsaming etter Lov om barnevern omfattar handsaming av innkomne bekymringsmeldingar, samt planlegging, gjennomføring, vurdering og konklusjon i undersøkingar.
- Oppfølging og evaluering av tiltaksarbeid.
- Journalføring og arkivering
- Medverke til at programmåla for tenesta blir nådd.
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre.
Dine kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Har godkjend bachelor som barnevernspedagog eller sosionom.
- Ønskjeleg med relevant erfaring frå barnevernsarbeid. Erfaring innan relevante tilgrensa arbeidsfelt med barn/familie vert også vektlagt.
- Er engasjert og fokusert, trygg på deg sjølv og i stand til å prioritere oppgåver i ein travel og utfordrande arbeidskvardag.
- Kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert, er fleksibel og samarbeidsvillig.
- Har gode kommunikasjonsevner og har god evne til å formulere deg skriftleg, er strukturert og systematisk i ditt arbeide.
- Har førarkort kl. B
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Kvifor søkje hos oss?
- Fagleg utvikling gjennom rettleiing og tett oppfølging i arbeidskvardagen
- Gode arbeidsrutinar
- Fleksitid arbeidstid, men noko arbeid på ettermiddag/kveld må påreknast
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter tariff
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss i barnevernstenesta eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Ann-Laila Selnes på telefon 97145019.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8125683f-1917-4263-b682-281690938dd3
- Sist endret
10. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3646457_140387_nn