Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ledig 80% fast stilling p.t.på natt. Stillinga er ledig frå 01.12.2025 eller etter avtale.
Hos oss får du høve til å:
- Bli ein trygg sjukepleiar for pasientar i sårbare situasjonar, der di kompetanse og omsorg verkeleg betyr noko
- Vere ein støttespelar for pårørande
- Bli ein del av eit mangfaldig, inkluderande og engasjert kollegium som støttar kvarandre og spelar kvarandre gode
Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team!
Arbeidsoppgåver
- Nattarbeid inneber ansvar for pasientar med ulik grad av sjukdom, ofte med behov for tett oppfølging og observasjon.
- Du jobbar sjølvstendig, men alltid i samarbeid med kollegaer på vakt.
- Arbeidsoppgåvene omfattar overvaking av pasientane sin tilstand, handtering av akutte situasjonar, administrering av medisinar, dokumentasjon, og å vere ein støtte for både pasientar og pårørande gjennom natta.
- Nattevakta er viktig for å sikre ro, tryggleik og kontinuitet i pasientbehandlinga.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 1 års relevant erfaring som sjukepleiar
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å jobbe tett saman med kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø på natt
- Du er trygg i rolla di, men ikkje redd for å spørje om hjelp eller gi støtte til andre
- Du held hovudet kaldt når det skjer uventa ting, og finn praktiske løysingar saman med teamet
- Du møter pasientar og pårørande med respekt, varme og forståing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- 14 dagar opplæring
- Du får ein oppstartssamtale med næraste leiar etter du er ferdig med opplæringa
- Fagsjukepleiarane avholder eigne fagdagar for nyansatte sjukepleiarar
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020127802
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 28.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1411000c-8064-4acb-b2ce-b0fedfb55e27
- Sist endret
29. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cead654b90f64661910612c6d5392231
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar, 80 % fast stilling ved avd. Mittetstua og Tua
Arbeidsgiver
Spjelkavik omsorgssenter, ved avdeling Mittet og Tua.
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sykepleier
Arbeidsgiver
Blindheim omsorgssenter, Ålesund kommune
Sted
Ålesund