Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 1 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
- 2 x 75% fast stilling dag/aften med arbeid kvar 3.helg
- 1 x 50% fast stilling på natt med arbeid kvar 3.helg
Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet.
Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilde, med akutte og kroniske tilstandar innan hjarte- og lungemedisin. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet.
Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team!Arbeidsoppgåver
- Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin
- Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar
- Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte
- Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper
- Nært pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar
- Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling
- Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 1 års relevant erfaring som sjukepleiar
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Empatisk og omsorgsfull
- Fagleg nysgjerrig og lærevillig
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Trygg i akutte situasjonar
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, inger.k.reiten@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5033278769
Stillingsprosent: 75, 50%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 19.11.2025
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0472a8a-9450-4749-be60-661718db6d6e
- Sist endret
20. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de29d4c684224c8fb59636eeb7ff91ea
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sjukepleiar, 80 % fast stilling ved avd. Mittetstua og Tua
Arbeidsgiver
Spjelkavik omsorgssenter, ved avdeling Mittet og Tua.
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Aspøy omsorgssenter, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund