Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med kirurgiske pre- og postoperative sjukepleieoppgåver. 

Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!

Vi har ledig

  • 2 x 100% vikariat
  • 1 x 80% vikariat
  • 1 x 75% vikariat

Stillingene er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Startdato varierer på dei ulike stillingane, frå no eller etter avtale. Frå februar av startar vi opp med langvakter kvar 4. helg for dei som ønskjer dette.

Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Fast stilling kan og kombinerast med vikariat for å oppnå høgare prosent. Det er også mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve
  • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
  • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiestudentar kan også søke
  • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2
  • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav
  • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du har eit fagleg engasjement
  • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
  • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er positiv og har gode haldningar
  • Du er pasientorientert
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
  • Fagkveldar med fagutviklingsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Kjersti Ulset Lade, Kst. seksjonsleiar, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), Jorn-Age.Longva@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5024358980
Stillingsprosent: 100, 80, 75%
Vikariat
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

da2eded2-c662-4967-b38d-1b9bc31f8777

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

dfc8fcad2b214eb79add91c23e4a0fc1

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hatlane omsorgssenter, Ålesund kommune

Sted

Ålesund