Hopp til innhold

Vi søker miljørettleiarar frå skoleåret 2026/27

Arbeidsgiver

Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole

Sted

Skolevegen, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Gossen barne- og ungdomsskole søkjer 1 miljørettleiar i fast 100% stilling, og 1 miljørettleiar i midlertidig stilling frå 1.8.2026.

 

Vi søker ein person som har følgjande kvalifikasjonar/eigenskapar: 

  • Du er utdanna sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier (anna relevant høgskoleutdanning kan og bli vurdert)  
  • Du er god på relasjonar og samhandling. 
  • Du er strukturert og har ei positiv haldning. 
  • Du er utviklingsorientert og løysingsorientert. 
  • Du har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy. 
  • Du kan kommunisere og er fleksibel. 
  • Du er god på å planlegge og iverksette aktivitetar. 
  • Du har god evne til å ta ansvar og stå i krevjande situasjonar. 
  • Du har fokus på læringsmiljøet på skolen. 
  • Du kan å bruke nynorsk som målform. 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere 

  • Å vere med i laget rundt eleven og bidra til deira sosiale og faglege utvikling 
  • Arbeid med skole- og klassemiljø 
  • Oppfølging av elevar både på individ-, gruppe- og systemnivå
  • Samhandling skole-heim 
  • Miljørettleiar vil arbeide i laget rundt eleven

Vi tilbyr 

På Gossen barne- og ungdomsskole blir du ein del av eit engasjerande, utviklingsorientert og inkluderande læringsmiljø med dyktige tilsette som ønskjer å leggje til rette for at elevane skal trivast, vere trygge, lære og utvikle seg i eit fellesskap med andre. Vi legg og vekt på å jobbe saman med elevane og heimen for å nå målet om at alle skal høyre til. Vi har ein flott skole med gode fasilitetar både ute og inne. Skolen har delteke i fleire nasjonale satsingar og samarbeider tett med sterke og relevante samarbeidspartnarar. På Gossen barne- og ungdomsskole kan du utvikle deg saman med andre i eit sterkt fagfellesskap, og vere med å gjere ein forskjell i elevane sine liv.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff. 
- Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning. 
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk. 

Særskilte krav 
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding. 

Prøvetid 
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. 

Søkarliste 
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

Søknad sendast 
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Heidi Falkhytten

+47 99532262

heidi.falkhytten@aukra.kommune.no

Om bedriften

Gossen barne- og ungdomsskole er ein 1.-10 skole som ligg på øya Gossen i Aukra kommune. Skolen har ca 300 elevar og ca 60 tilsette. Skolen vart opna hausten 2013, og vi har flotte rammer for opplæringa både inne og ute. Vi har vore med i fleire utviklingsprosjekt og er no med i Utdanningsdirektoratet si satsing Inkluderande barnhage- og skolemiljø saman med den andre skolen og barnehagane i kommunen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

13e93ba4-b988-4963-a403-cbe782c92fce

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639031_193057_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser