Hopp til innhold

Lærar - Nordbygda skule

Arbeidsgiver

Masfjorden kommune

Sted

Hosteland, 5986 Hosteland

Om jobben

Stillingstittel
Lærar - Nordbygda skule (mellombels stilling februar 2026)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Om stillinga

Masfjorden kommune søker etter lærar i 100% mellombels stilling frå og med dags dato og ut skuleåret 2025/2026, med arbeidsstad ved Nordbygda skule.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i klasse og mindre grupper 
  • Undervisning på ulike trinn og i fag etter behov ved skulen – for tida på mellomtrinnet
  • Samarbeid med kollegaer og i team med vekt på å styrkje læringa til elevane og å utnytte og vidareutvikle kompetansen i personalet 
  • Samarbeid med føresette og eksterne instansar 
  • Aktiv deltaking i utviklingsarbeid ved skulen 

Me søker

  • Me søker etter lærarar med godkjent fagleg og pedagogisk utdanning etter opplæringslova. Søkarar med anna relevant utdanning kan òg bli vurderte
  • Ønskjeleg med kompetanse i spes.ped, kroppsøving, naturfag
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Du er ein tydeleg og trygg vaksen 
  • Du har interesse for, og engasjement i, å arbeide med barn og unge 
  • Du kan inspirere, motivere og engasjere elevane 
  • Du har kompetanse i bruk av IKT

Vurdering av kandidatar og tilsetting vert gjort fortlaupande.


Anna

  • Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk 
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing i skulen vert det stilt krav om politiattest 
  • Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

Slik søkjer du: 
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.


Masfjorden kommune

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og Modalen og Alver i sør.

Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar. 

Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopD

Kontaktperson for stillingen

Geir Follesø

Rektor Nordbygda skule

+4745602198

geir.folleso@masfjorden.kommune.no

Om bedriften

Nordbygda skule er ein fulldelt 1-10 skule med i overkant av 100 elevar. Skulen sitt motto er «Kunnskap og Vennskap». Skulen er Unesco-skule og er akkreditert Erasmus+ skule i perioden 2023-27. Satsingsområda for skulen er internasjonalisering og bruk av nærmiljøet i undervisninga. Skulen har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er praksisskule for lærarstudentar.

Masfjorden kommune ligg i hjartet av Nordhordland Biosfæreområde og er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

13c9741a-f8ad-4589-9ad4-4c3f78ae5ea6

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10281050

Lignende annonser