kontaktperson/barnevernskonsulent
Gulen kommune
Fensfjordvegen 621, 5986 Hosteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnevern. Tilsetjing 100% fast st. som kontaktperson/barnevernskonsulent frå snarast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. februar
Om stillinga
Velkomen til deg som ynskjer å gjere ein forskjell og brenn for å arbeide med born, unge og familiar, samt ynskjer å vere med i utvikling av eit framtidsretta barnevern!Ein av våre gode kollegaer skal over til å jobbe med barn og unge i annan eining, og Gulen og Masfjorden barnevernsteneste har då ledig ein 100% fast stilling som kontaktperson/barnevernskonsulent frå snarast av. Er du den me leiter etter?Gulen og Masfjorden barnevernsteneste er organisert med barnevernsleiar og fire kontaktpersonar. Vi er lokalisert på Hosteland i Masfjorden kommune. Vertskommunen er Gulen, kor me er organisert som eiga eining under sektor Oppvekst og kultur.
Arbeidsoppgåver
Det unike med Gulen og Masfjorden barnevern er at sakshandsamarane arbeidar innan heile barnevernsfeltet frå start til slutt. Dette betyr at du vert involvert i både sakshandsaming, vurdering og tiltaksarbeid etter barnevernslova. Du vil også ta del i gjennomgang av melding, planlegging, gjennomføring og konklusjon, dokumentasjon og vurdering og evaluering av hjelpetiltak.
Barnevernstenesta utfører store deler av tiltaksarbeidet sjølv. Du vil bidra til eininga si samla oppgåveløysing. Journalføring og dokumentasjon skjer i sakshandsamingssystemet Familia.
Du skal ha fokus på barnet sin rett til å verte høyrd og medverke i eiga sak. Du vil vere ein støttespelar og endringsagent for barn, ungdom og familiane deira.
Arbeidsområdet vert både i Gulen og Masfjorden.
Konkrete arbeidsoppgåver:
- Utføre oppgåver etter Lov om barnevern og annet relevant lovverk, forskrifter og retningslinjer
- Samtale og samarbeide med barn, unge og deira familiar
- Utføre oppgåver i tråd med internkontroll og retningslinjer
- Vere barnevernstenesta sin representant eller vitne i Barneverns- og helsenemnda og øvrig rettsapparat
- Delta i saksgjennomgang, rettleiing og anna kompetanse og fagutvikling
- Bruke digitalt verktøy i arbeidet som elektroniske oppslagsverk og saksprogram
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Prioritert utdanning: bachelor i barnevern og sosialt arbeid (sosionom). Relevant vidareutdanning med minimum 30 studiepoeng og master i barnevern vil verte føretrukke. Personar med annan relevant høgskuleutdanning, og/eller røynsle frå relevant arbeid eller arbeid med foreldre og barn kan også bli vurdert
- Ha grunnleggjande forståing for barnevernstenesta sitt samfunnsoppdrag og mandat, og lovverket ein jobbar etter
- God relasjonskompetanse
- God forståing og fagleg innsikt i barna si utvikling og behov
- Handtere kompleksitet i saker og ha endringskompetanse
- Ha evne til å arbeide i motstand, stå i og løyse konflikter
- Ha evne til å utvise juridisk forståing, og gjere barnevernsfaglege vurderingar
- Har god skriftleg framstillingsevne og god munnleg framtoning i samarbeid med barn, unge og foreldre
- Sertifikat klasse B, og disponerer eigen bil
- For søkjarar som ikkje har norsk som morsmål er det krav om språkkunnskap tilsvarande nivå B2
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Er tydeleg i barnevernsfaglege vurderingar
- Er engasjert, fokusert og trygg på deg sjølv
- Likar å vere i direkte kontakt med barn, unge og vaksne
- Er raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn, deira familiar, kollegaer og samarbeidspartar
- Er fleksibel, strukturert, kreativ, løysingsorientert og har gjennomføringskraft
- Har gode evner til mentalisering
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Har stor arbeidskapasitet og trivast med høgt arbeidstempo
- Har evne til å skape tillit, jobbe med endring og vere nyskapande og undrande
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det vert krevd utfyllande politiattest for tilsetjing innan barnevern.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Me tilbyr
- Spanande og varierte oppgåver i eit breidt og engasjert fagmiljø. Høve til vidare utvikling
- Gode arbeidsrutiner og eit godt arbeidsmiljø. Høve til kreativitet og nytenking
- Fleksibel arbeidstid, men du må pårekne noko arbeid på ettermiddag/kveld
- Ekstern og intern rettleiing
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar.
Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c47f46e2-ac4f-40a6-901f-7105770375fd
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278448
Lignende annonser
Sone BBD/Miljøtenesta. Tilsetjing 100% fast st. konsulent frå snarast
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Dalsøyra
Miljøterapeut/miljøarbeidar - Fast stilling og mellombels stilling (januar 2026)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Eining helse. Tilsetjing fastlege, i inntil 200% fast st. frå etter avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik