Miljøterapeut/fengselsbetjent
Lyderhorn overgangsbolig
Gravdalsveien 240, 5165 Laksevåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut/fengselsbetjent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
Om Lyderhorn overgangsbustad
Lyderhorn overgangsbustad finn du på Laksevåg i Bergen kommune, eit lågtryggleiksfengsel med plass til 16 domfelte, både kvinner og menn. Dei straffedømde kan ikkje starte soninga i overgangsbustaden, men kan overførast frå fengsel med høgt eller lågt tryggleiksnivå når ein del av straffa er gjennomført.
Er du flink til å setje grenser når du må, vise omsorg når du kan og løyse utfordringar før dei blir for store? Er du initiativrik og ute etter ein jobb som er alt anna enn kjedeleg? Då treng vi deg som medarbeidar ved Lyderhorn overgangsbustad!
Her vil du kunne spele ei viktig rolle i arbeidet vårt med å sikre at dei som er domfelte i dag kan bli morgondagens gode naboar. Du kan bidra til å skape og gjennomføre straff som endrar. I denne rolla er du altså både rollemodell, samtalepartnar, rettleiar og grensesetjar.
Lyderhorn overgangsbustad er for dei domfelte som har særleg behov for bu- og/eller sosial trening, planlegging av lauslating, nettverkssamarbeid m.m. Dei må alle kunne delta i tilrettelagd eller ordinær skule eller arbeid på dagtid. Samstundes må dei domfelte vere villige til å etablere kontakt med andre forvaltningsorgan når dette er viktig for førebuinga til lauslatinga.
Om stillinga
Vi lyser ut 1 fast stilling (100%) og 1 vikariat (10 måneder - 100%)
Ein miljøterapeut skal ha evne til å planleggje, leie og evaluere innsette sitt påverknadsarbeid, sjå samanhengen mellom eigne oppgåver og andre fagområde, og ha gode kommunikasjonsevner). Miljøterapeut skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Ein fengselsbetjent skal ivareta tryggleiken til dei innsette og tilsette, drive innhaldsarbeid, innhente og vurdere informasjon og utføre saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering, og vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, samt delta i målretta progresjonsarbeid med dei innsette.
Arbeidsoppgåver
- Bistand og rettleiing av straffedømde / bebuarane
- Ivareta ro, orden og tryggleik i overgangsbustaden
- Motivere til endringsfokusert straffegjennomføring
- Utføre daglege gjeremål på avdelinga eller anna miljøarbeid
- Saksbehandling
- Kontrollverksemd
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 1201 - MiljøterapeutDu må ha:- sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
universitet på bachelornivå - god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- du må gjennomføre obligatorisk modulopplæring i fysisk maktanvendelse
--------------------------------------------------------------
Stillingskode 0264 - FengselsbetjentDu må ha:- bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter (KRUS)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og til å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- har tålmod, ansvarskjensle og ha evnen til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- er mål- og resultatorientert
- har evne til å bidra til å bygge team og ivareta eit godt arbeidsmiljø
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
Personleg eignaheit og teamsamansetjing vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- stillingane blir lønt som:
- miljøterapeut 1201 frå kr 525 000 - 670 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjoner, eller
- fengselsbetjent 0264 frå kr 500 000 - 630 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar
Løn avheng av ansiennitet og kvalifikasjonar.
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Det blir gitt gode tillegg for kveld-, natt- og helgearbeid i samsvar med gjeldande tariffavtale.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerande fengselsleiar Camilla Kvamsdal på tlf. 55 50 10 25 eller 99 23 45 73.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Camilla Kvamsdal
Fungerende fengselsleder
+4755501025
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1268c412-fb76-44ec-93a9-c3b49633ac39
- Sist endret
18. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296214