Hopp til innhold

ID 1051 Fitjar legekontor utvidar kapasiteten og søkjer 2 fastlegar i 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Fitjar Kommune Legetenesta

Sted

Fitjar

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. mars

Fitjar legekontor utvidar kapasiteten og søkjer 2 fastlegar

Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord.

Legesenteret er kommunalt drevet med 4 tilsette sjukepleiarar/legesekretær, samt 4 legar og 1 LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.


Fitjar kommune søkjer etter
  • 1 lege spesialist i allmennmedisin med liste på 700 pasientar

  • 1 lege i spesialisering (ALIS) med liste på 600 pasientar

Liste vert vurdert justert jf. tilsetting allmennlegespesialistar eller allmennlegar i spesialisering


Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett

  • Spesialist i allmennmedisin eller er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS)

  • Krav om fullført LIS1

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg


Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast
  • Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova

  • Kommunal bistilling andre allmennfaglege oppgåver, opptil 20% (sjukeheim og helsestasjon)

  • Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter per månad

  • Legar under spesialisering fylg ALIS forlaup

  • Vegleiing LIS1


Personlege eigenskapar
  • Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner

  • Har evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig

  • Er positiv, fleksibel, påliteleg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god organisasjonskultur

  • Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt


Me tilbyr
  • Fastlønn eller næringsdrift med 8.2 -avtale etter eige ynskje

  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin

  • Som fastlønna lege får du fri med lønn til naudsynte kurs

  • Som fastlønna lege får ein intensiv i form av 20% av HELFO refusjonar, samt konkurransedyktig løn

  • Næringsdrivande legar får dekka 60% av allmennlegeforeininga sitt praksiskompensasjon beløp for eigen sjukdom og sjukt born under 12 år inntil 10 dagar per år

  • Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin

  • Deltaking i jamleg internundervisning

Andre opplysingar
  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato

  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad

  • Det er ynskjeleg med førarkort klasse B, og disponering av eigen bil

Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk her med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med konstituert kommunalsjef helse, sosial og omsorg Diana Bergeland tlf. 95243278

Kontaktperson for stillingen

Diana Bergeland

Konstituert kommunalsjef helse, sosial og omsorg

95243278

diaber@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.

Fitjar kommuneer godkjend utdanningsverksemd for legar, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

12506356-0d0b-486e-be00-55057e3c23fa

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

12506356-0d0b-486e-be00-55057e3c23fa

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Fastleger/legesentre, Askøy kommune

Sted

Kleppestø