Sommarjobb og helgevakter i avlastingsbustad for barn og unge
Barne- og familietenesta, Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikar og helgevakter i avlastingsbustad for barn og unge
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 0%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
Avlastingsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen.
Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdommane.
Me er på jakt etter sommarjobb, men treng også helgevakter som går i turnus dag, kveld og natt. Det kan passe for deg som er student eller vil arbeide helg og deltid. Me set difor ikkje stillingsprosent på helgestillingane, då me ynkjer å vere i dialog kring turnus.
Som sommarjobb kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under.
Er du student? Bømlo kommune har eiga ordning for studentavlønning. Legg difor ved dokumentasjon på oppnådd utdanning i din søknad.
Arbeidsoppgåver
Som ei natte- og helgevakt på bustaden vil du ha omsorg og ansvar for barna og ungdomane som oppheld seg i bustaden. Ta barna med på aktivitetar ute og inne. Følge opp interessene deira og gje dei gode opplevingar.
Du vil få introduksjon / opplæring i forkant. Me kan lova deg ein spennande og variert jobb med høve for læring og utvikling. Det er ei bakvaktsystem og samarbeid med brann og redning og heimetenestene i kommunen på natt.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Helsefagarbeidarar eller andre med helsefagleg utdanning.
Det kan vere aktuelt å tilsette personar som er i helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har relevant erfaring.
Personlege eigenskapar
- Du trivst ilag med barn og unge.
- Du skapar gode relasjonar til andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Else Marie Aakre eller Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Linda Hellen, +47 909 61 702Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5075345608
Stillingsprosent: 0%
Mellombels
Søknadsfrist: 30.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Linda Hellen
+47 909 61 702
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1241f161-4953-4e5c-8ad6-f2f7fcb205f3
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
446e21ce73ed4273b36045f20db8552f
Lignende annonser
Sommarvikar i omsorgstilbod for ungdom, avd. Sansehuset
Arbeidsgiver
Barne- og familietenesta, Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Sommarjobb i Habiliteringstenesta
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Sommarjobb BBH
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes