Lærar i kroppsøving
OPK-AO - Avd. Kroppsøving, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar i kroppsøving
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. juni
Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av elevene sin læring?
Askøy videregående skole har ledig ein fast stilling, og eit vikariat, som lærar i kroppsøving. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.
Askøy videregående skole har omlag 710 og 110 tilsette.
Skulen har nye moderne undervisningslokalar på Myrane ved Kleppestø. Det er gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi - og industrifag, studiespeseialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har ledig totalt 35% stilling som lærar i kroppsøving fast og vikariat for skuleåret 26/27
Arbeidsoppgåver
35% undervisningsstilling i kroppsøving, både på studiespesialisering og på yrkesfag.
Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og legg vekt på dialog for å utvikle et godt fagmiljø saman med andre på skolen. Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet. Du har ein inkluderande praksis i møte med elevane, og har deira læring i fokus. Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring
- Erfaring i bruk av IKT
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.Du har god pedagogisk forståing.
Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.Gode høve til eiga læring og utvikling.
Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Åse Stensland, avdelingsleiar, 93468232Arbeidsstad
Søre Myrane5300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5136469501
Stillingsprosent: 17,5%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Åse Stensland
avdelingsleiar
93468232
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11fa675a-0f3a-47a9-b72a-b08e7e43fa31
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c4d7369b38b44407aa6db939ac948a8c