Undervisningsstilling kroppsøving og norsk
OPK-OO - Osterøy vgs, Vestland fylkeskommune
Solbjørgsdalen 12, 5282 Lonevåg
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling kroppsøving og norsk
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. juni
Osterøy vidaregåande skule held til i flotte lokale i Lonevåg og har omlag 180 elevar og 30 tilsette. Studietilbodet ved
skulen er Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Elektro og datateknologi, Studiespesialisering, og opplæring i mindre grupper.
Frå 1. august har vi ledig årsvikariat omlag 50% i norsk og kroppsøving. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga.
Du kan søkje heile eller del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
- Tett dialog med elevar om fagleg og sosial utvikling
- Pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med:
- Høgare utdanning
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Erfaring frå undervisning
Personlege eigenskapar
- Positivt elevsyn
- Pedagogisk og fagleg nysgjerrig
- Opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Ein tydeleg leiar for elevgruppa
- Gode evner til samarbeid og lagtenking
- Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Eit godt, innovativt, fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Administrasjonensmålet i Vesltand fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Kontaktinformasjon
Kari Espelund Bruvik, rektor , 95036537Hilde Saugerud Standnes, Assisterande rektor, 48296970, hilde.saugerud.standnes@vlfk.no
Arbeidsstad
Solbjørgsdalen 125282 Lonevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5145062333
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 29.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kari Espelund Bruvik
rektor
95036537
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9de2ffe4-9d97-493c-a86f-30387c766143
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32b0b9d980204b278314258a578136cb