Hopp til innhold

Framtida.no/Magasinett søkjer journalist til fast stilling

Arbeidsgiver

Stiftinga Magasinett

Sted

Stortorvet 10, 0155 Oslo

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Framtida.no/Magasinett søkjer etter ein nynorskskrivande journalist som kan bidra til at den gode veksten vår held fram. Ønskjer du å utvikla deg som journalist er dette ein god sjanse.

Stillingstittel
Nettjournalist
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Me ser etter deg som:
  • er idérik med stor gjennomføringsevne

  • er framoverlent og har engasjement og lyst å bidra til at Framtida.no får fleire lesarar og set dagsorden på våre felt

  • er oppdatert på kva som engasjerer målgruppa både i sosiale medium og utanfor

  • er nyfiken, lærevillig og har lyst å utfordra deg sjølv

  • er god på å samarbeida, knyter kontaktar og kommuniserer godt

  • har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyheitsbiletet

  • har god bildeforståing, meistrar foto, video og grafikk

  • er god på innhaldsproduksjon til sosiale medium og følgjer med på kva som rører seg der

  • har god, nynorsk språkføring

Er dette deg, vil me gjerne at du søkjer. Om du ikkje har mykje erfaring på alle områda må du gjerne søkja likevel. Kanskje har du kompetanse, interesser og erfaringar me ikkje allereie har i redaksjonen, som me ikkje visste me trong?

Framtida.no/Magasinett er ein inkluderande arbeidsplass som ynskjer søkjarar med ulik erfaring og bakgrunn, både innan utdanning, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsvariasjon og anna.


Arbeidsoppgaver

  • Finna og skriva relevante nyheitssaker for unge i alderen 15-25 år

  • Korrekturlesing av eigne og andre sine tekstar på nynorsk

  • Ta eigne foto, samt enkel biletredigering

  • Gjerne enkel video og redigering

  • Enkel grafikk og layout til sosiale medium

  • Desking av andre sine saker i ein rullerande deskturnus

Vi tilbyr

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom, i eit lærerikt miljø der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på. I jobben får du ansvar for å leita fram, skriva og formidla viktige nyheiter og reportasjar for unge i alderen 15 til 25 år. Du vil òg bidra med desking.

Framtida.no og Magasinett er ein felles redaksjon som har fire tilsette på kontoret i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Me har òg eit lokalkontor på Stord, som er hovudsetet til vår søster- og samarbeidsavis Framtida Junior. Dei tilsette har ein time trening i veka i arbeidstida.

Løn etter avtale.

Om bedriften

Magasinett er ein integrert del av Framtida.no, som er ei nynorsk nyheits- og debattavis på nett for unge i alderen 15-25 år. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge.

Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengige og jobbar etter Vêr varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

11b0e109-3783-42cc-a57d-77e3edc04086

Sist endret

17. november 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

11b0e109-3783-42cc-a57d-77e3edc04086

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Sami Aviisa As Avd Kautokeino

Sted

Alta, Deatnu Tana, Guovdageaidnu Kautokeino, Karasjohka Karasjok, Unjárga Nesseby, Oslo, Harstad, Tromsø

Superrask søknad