Hopp til innhold

Førsteamanuensis (30%) i utøvande musikk, klarinett ved Griegakademiet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Lars Hillesgt. 3, 5015 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Førsteamanuensis (30%) i utøvande musikk, klarinett ved Griegakademiet
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Førsteamanuensis

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (30 %) i utøvande musikk, klarinett. Tilsetjing er ønska frå august 2026.


Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og rettleiing innan fagområdet utøvande musikk, klarinett. Stillinga omfattar hovudsakleg undervisning i hovudinstrument på bachelor- og masternivå. Det kan i tillegg bli aktuelt med oppgåver knytte til rettleiing på ph.d.-nivå. Undervisning på talentprogrammet GUT kan òg inngå i stillinga. Ved behov kan den som blir tilsett òg få tillagt oppgåver innan kammermusikk og annan gruppeundervisning i utøvande fag.

Arbeidsoppgåvene kan omfatte
  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid  
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
  • Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid 
  • Organisering og tilrettelegging av ovanståande oppgåver
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid

Lista er ikkje uttømmande. Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd doktorgrad innan utøvande musikk, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert enten ved kunstnarisk arbeid av same omfang og kvalitet i kombinasjon med høgare grads eksamen eller tilsvarande innan utøvande musikk.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:

  • Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Evne til å reflektere over egen underviserrolle, og til å diskutere og grunngje val i egen undervisning og rettleiing.


Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta  refleksjonsnotat. Notatet  skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.
 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:
  • Ein utvikla praksis innan fagområdet, inkludert kompetanse innan orkesterspel, kammermusikk og som solist på høgt nivå
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 790 900 – 815 000 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der søkjaren gjer greie for motivasjonen for å søkje stillinga, og forklarar korleis kvalifikasjonar og erfaring er relevante for dei tilhøyrande arbeidsoppgåvene og krava til stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd, i form av lyd- og/eller videoopptak.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar. (Last ned og fyll ut skjema for pedagogisk mappe). 

NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.

 

Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Geir Davidsen, mob. +47 91818633 e-post: g.davidsen@uib.no.

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no.

Diversity is a strength that enables us to solve our tasks even better. UiB therefore needs qualified employees regardless of gender, ethnicity, religion, worldview, disability, sexual orientation, gender identity, gender expression, and age.

UThe University of Bergen applies the principle of public access to information when recruiting staff for academic positions.

Information about applicants may be made public even if the applicant has asked not to be named on the list of persons who have applied. The applicant must be notified if the request to be omitted is not met.

We encourage applicants with disabilities, immigrant backgrounds, or gaps in their CV to apply. By indicating such circumstances in your application, you may receive favourable consideration. We ensure that at least one qualified applicant from each of these groups is invited for an interview as part of our commitment to inclusivity and equal opportunity. For further information about the recruitment process, click here.


Kontaktpersoner for stillingen

HR/KMD

hrkmd@uib.no

Geir Davidsen

Instituttleiar

+47 91818633

g.davidsen@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

114858a1-152a-4325-9e97-f0cad745a404

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10295924

Lignende annonser

Laster lignende annonser