Kommunikasjonsrådgjevar (seniorrådgjevar) ved Bjerknessenteret for klimaforsking
Universitetet i Bergen
Jahnebakken 5, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunikasjonsrådgjevar (seniorrådgjevar) ved Bjerknessenteret for klimaforsking
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. mai
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAKommunikasjonsrådgjevar (seniorrådgjevar) ved Bjerknessenteret for klimaforsking
Ved Bjerknessenteret er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar.
Ein av våre kollegaer har funne nye utfordringar, og vi søkjer difor ein ny kollega med brei erfaring frå kommunikasjonsfaget, med vekt på mediekontakt, innhaldsproduksjon og arrangement.
Om senteret
Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er eitt av dei største og mest anerkjende forskingsmiljø for forståing av klima og klimaendringar i Europa. BCCR sin visjon er å vere den sentrale nasjonale leverandøren av klimakunnskap. Bjerknessenteret er eit samarbeid om naturvitskapleg klimaforsking mellom forskarar på Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret, med rundt 300 forskarar tilknytt senteret i dag. Kommunikasjonsavdelinga tel totalt fire personar fordelt i 3,5 stilling som handterer ekstern og intern kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Strategisk rådgjeving og generelt kommunikasjonsarbeid knytt til Bjerknessenteret og eksternt finansierte forskingsprosjekt.
- Kontakt med våre forskarar og samarbeidsorganisasjonar.
- Planlegge og gjennomføre arrangement som til dømes temamøte, debattar, frukostmøte o.l. på relevante scener i samarbeid med våre fagmiljø.
- Produsere og formidle innhald på både norsk og engelsk til våre kanalar (video og tekst).
- Planlegge og koordinere innhald til interne og eksterne målgrupper.
- Mediekontakt og -innsal til redaksjonar
Stillinga kan bli tillagd andre kommunikasjonsfaglege oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det er eit krav at:
- Du har mastergrad, gjerne innan journalistikk eller kommunikasjonsfag. Lang og relevant erfaring frå media og kommunikasjonsarbeid kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Du har minimum fem års relevant og dokumentert arbeidserfaring.
- Du har dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon.
- Du er ein dyktig innhaldsprodusent på flytande norsk og engelsk.
- Du kommuniserer svært godt både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
- Du set deg raskt inn i komplekse problemstillingar
- Du jobbar sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar
- Du kan formidle gode historier raskt og treffsikkert i relevante kanalar.
Det er i tillegg ønskjeleg at:
- Du har god formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video.
- Du har teft for dei gode mediesakene og evne til å snu deg raskt.
- Du er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid.
- Du har gode samarbeidsevner
Om du har desse kvalifikasjonane og eigenskapane, håpar vi at du vil søkje stillinga hos oss.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Dersom det ikkje skulle melde seg kvalifiserte søkjarar som seniorrådgjevar, kan det verte aktuelt å tilsetje ein rådgjever. Krav til utdanning og lønnsinnplassering vil då verte redusert tilsvarande.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) for tida kr. 691 500 - kr. 770 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Påtroppande kommunikasjonsleiar Tori Pedersen fra Bjerknessenteret, e-post: tori.pedersen@uib.no, tlf. 911 01 440.
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, e-post: vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
101e73ff-0a24-4d3a-b6f1-c5609014e53f
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10291808