HR-rådgjevar
Bufetat
Solheimsgaten 11,, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- HR-rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 18. august
Om stillinga
Ved HR-seksjonen i staben i Bufetat, region vest, har vi ledig fast 100 % stilling som HR-rådgjevar. Stillinga er ledig umiddelbart.
HR-seksjonen består for tida av åtte medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring, som legg stor vekt på samarbeid og fagleg utvikling. Seksjonens leveransar er prega av høg kvalitet og mål om gode løysingar for organisasjonen.
Som HR-rådgjevar har ein oppgaver innan heile HR-fagfeltet. Sentrale oppgåver er rådgjeving og rettleiing opp mot leiarlinja med omsyn til heile personalløpet. Ein deltek og i sakshandsaming på ulike områder som rekruttering, sjukefråvær og personalsaker. Rådgjevarane deltek vidare i oppgåver knytt til implementering av nye rutinar, metoder og verkty. Ein deltek også i planlegging og gjennomføring av organisatoriske prosessar t.d. knytt til omstilling eller arbeidsmiljøutvikling.
Noko reiseverksemd må påreknast.
Oppgåver vil mellom anna vere:
- rådgjeving og rettleiing innan heile HR-fagområdet
- støtte i rekrutteringsprosessar
- planlegging og deltaking i gjennomføring av ulike organisasjons- eller implementeringsprosessar
- rådgjeving og oppfølging av HMS
- rettleiing og støtte i personalsaker og sjukefråværssaker
- opplæring av leiarar
- prosjektleiing-/deltaking i tverrfaglege utviklingsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå innan til dømes HR, administrasjon og organisasjon, sosiologi, jus, leiing eller økonomi.
- Søkjar med bachelorgrad med relevant vidareutdanning kan også bli vurdert.
- Erfaring frå prosjektleiing, utviklingsoppgåver, prosessleiing og kontinuerlig forbetring.
- Erfaring med med organisasjonsutvikling og fagutvikling.
- Minimum 5 års relevant HR-erfaring i arbeidslivet.
- Gode norskkunskaper og god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Gode IKT-kunnskapar og interesse og erfaring fra arbeid med dokumentasjon.
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, med særleg vekt på mellom anna at ein:
- har høg arbeidskapasitet
- er autonom og sjølvstendig
- både kan ha eit strategisk og operativt blikk
- har høg grad av fleksibilitet og tek ansvar
- er løysingsorientert
- er initiativrik og strukturert
- er god til å dele kunnskap, og har evne til å involvere og samarbeide med andre
- bidrar til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- samarbeider og kommuniserer godt med alle avhengig av bakgrunn
Kva får du hos oss?
- Mogelegheit til å være del av eit lærande miljø som er i stadig utvikling.
- Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø som gir rom for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging og spennande utfordringar i framtidig utvikling av Bufetat.
- Lønn i samsvar med statleg lønnsregulativ - i stillingskode 1434 - Rådgjevar (med lønn fra kr 610 000 til kr 740 000) eller i stillingskode 1364 Seniorrådgjevar (med lønn fra kr 670 000 til kr 820 000). Stillingskode og lønn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot.
- Fleksitid.
- Høve til noko bruk av heimekontor.
- Høve til trening i arbeidstida.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Meir om stillinga
For meir informasjon kontakt seksjonsleiar Nils Christian Riise på telefon 95 86 85 38
Kontaktperson for stillingen
Nils Christian Riise
Seksjonsssjef
+47 95 86 85 38
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fc7f108-ac78-4d4a-a5e4-e1f162528e15
- Sist endret
31. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10303611