Plan Leikanger søker erfaren medarbeidar innan arealplanlegging
Asplan Viak
Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Arealplanlegger
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Vil du vere med og forme framtida sine byar og tettstader? No ønskjer vi å styrke planmiljøet i Leikanger, der vi har mange spennande oppdrag på gang. Vi søker ein erfaren medarbeidar innan arealplanlegging som vil bidra til bærekraftige, heilskaplege og gjennomførbare løysingar.
Om stillingaHos oss vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag, fagleg utvikling og karriere. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø med rundt 30 medarbeidarar i Leikanger og 12 planfaglege kollegaer i Leikanger og Bergen.
Vi jobbar med alt frå bustad- og næringsutvikling til samferdsel, offentlege formål, transformasjon, idéutvikling og moglegheitsstudier, og planar på alle nivå.
Aktuelle arbeidsoppgåver- Utarbeide reguleringsplanar med tilhøyrande formelle plandokument
- Oppdragsleiar eller fagansvarleg for planar og prosessar etter plan- og bygningslova
- Gjennomføre idéutvikling, tomteanalysar og moglegheitsstudier
- Bidra i tverrfaglege team for å utvikle heilskaplege og berekraftige løysingar
- Rådgiving og fagleg støtte til oppdragsgivarar
- Koordinere fag som inngår i planleveransar
Vi ser etter deg som er ein lagspelar med gode samarbeidsevner, men som også kan jobbe sjølvstendig og strukturert. Du klarer å sjå både heilskap og detaljar, og du søkjer praktiske og gjennomførbare løysingar i møte med komplekse planfaglege utfordringar.
Vi ønskjer at du har- Høgare utdanning frå universitet/høgskule (planlegging, urban design, arkitektur, landskap, samfunnsfag e.l.)
- Erfaring frå planarbeid for offentlege og/eller private oppdragsgivarar
- Kunnskap om planprosessar etter plan- og bygningslova
- Erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjektteam
- God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
- Initiativrik og ansvarsbevisst
- Samarbeidsorientert og kunnskapsdelande
- Fagleg sterk og detaljfokusert
- Trivst i dialog med kundar og kollegaer
Hos oss får du ein variert og utviklande arbeidskvardag, der du jobbar tett saman med kollegaer på tvers av fag og kontor. Vi har eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø, der vi deler kunnskap og støttar kvarandre. Du får stor fridom til å påverke di eiga arbeidskvardag, og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg.
Kvifor skal du bli med på laget vårt?Ein raud tråd i Asplan Viak er eit sterkt sosialt og tverrfagleg miljø. Du blir del av eit av Norges største planfaglege miljø, med over 200 medarbeidarar innan arealplanlegging og byutvikling.
- Eit sterkt fagmiljø -- Du vil jobbe tett saman med nokre av dei fremste ekspertane i landet innan fagområdet, som er opptekne av å dele kunnskapen sin.
- Sosialt og inkluderande -- Vi har studieturar, fagsamlingar, bedriftsidrettslag og sosiale arrangement.
- Gode vilkår -- Solide pensjons- og forsikringsordningar, fem veker ferie, sommartid, samt fri arbeidsdagane i påske og romjul.
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi rekrutterer fortløpande, så send inn søknaden din i dag.
Asplan Viak legg vekt på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Om Asplan ViakAsplan Viak er det største norsk-eigde, uavhengige rådgjevingsselskapet innan arkitektur, plan og infrastruktur. Vi har 1300 tilsette fordelte på 32 kontor over heile landet, og har arbeidd med samfunnsplanlegging for norske kommunar heilt sidan 1960-talet. Berekraft er ein viktig berebjelke i selskapet, og skal vere ein del av alt vi gjer.
Asplan Viak er heileigd av stiftinga Asplan. Det betyr at overskotet vårt går tilbake til selskapet, og blir brukt mellom anna til innovasjon og utvikling av medarbeidarane våre.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f2aae99-6e39-4f8c-b29d-b0fb346edd51
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
451621855