Helsefagarbeidar i 75%, 30% og 50% vikariat
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar - 75% fast, 30% fast og 50% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Om stillinga
Vi har no tre ledige stillingar for deg som ønskjer ein meiningsfull jobb i eit spanande fagmiljø!
75 % fast stilling
I denne stillinga jobbar du 3. kvar helg med kortvakter, og oppstart er 01.05.2026.
30 % fast helgestilling
Her jobbar du 4. kvar helg, med langvakter på 12,5 timar laurdag og søndag, samt kortvakt fredag. Oppstart er 01.05.2026.
50 % vikariat
Vikariatet varer frå 01.04 til 31.12.2026, med arbeid 3. kvar helg og langvakter på 12,5 timar laurdag og søndag.
Vennligst spesifiser i søknadsteksten din kva stilling du søkjer på.
Om oss
Kvassnesvegen bufellesskap består av ni leilegheiter med felles stove og kjøkken – eit heime‑miljø for ni personar med utviklingshemming. Her møter du eit stabilt og engasjert personale med heildøgnsbemanning, inkludert våkne nattevakter. Som del av eit tverrfagleg team med vernepleiarar, barnehagelærarar, helsefagarbeidarar og assistentar, får du kollegaer som både deler kompetanse og humor i kvardagen!
Vi er ein trygg og samansveisa gjeng på 33 tilsette som jobbar tett saman for å gi gode, forsvarlege og individuelt tilpassa tenester. Hos oss får du faglege diskusjonar, støtte frå erfarne kollegaer og eit miljø som verkeleg heiar på deg.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av kvardagen til bebuarane. Du vil:
- vere primærkontakt
- bygge gode og trygge relasjonar med bebuarane
- rettleie kollegaer og bidra til eit fagmiljø som utviklar seg saman
- yte profesjonell helsehjelp og pleie som skapar meistring, tryggleik og gode opplevingar
- støtte tenestemottakarane i aktivitetar som gjer dagen meiningsfull
- bidra til eit stabilt, inkluderande og positivt bumiljø
- samarbeide tett med eit engasjert tverrfagleg team
- dokumentere arbeidet ditt på ein trygg og fagleg måte
Kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Kven er du?
Vi ser etter deg som trivst med å jobbe tett på menneske – og som gjer det med varme, respekt og fagleg tryggleik. Du:
- bygger gode relasjonar og skaper tillit over tid
- er trygg i deg sjølv og handterer krevjande situasjonar med ro, tydelegheit og omtanke
- kommuniserer godt og ser verdien av både dei store og små augneblinkane i kvardagen
- ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- kan reflektere fagleg og etisk over komplekse situasjonar
Vi ønskjer spesielt deg som er tolmodig, engasjert og positiv. Du trivst i samarbeid med andre, men kan òg jobbe sjølvstendig og ta initiativ når situasjonen krev det. Framfor alt har du eit ekte engasjement for brukargruppa og ønskjer å vere med og skapa gode liv – kvar einaste dag.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
- Grundig opplæring og rettleiing
- Tilsetjing i kapittel 4 med garantiløn 452 500 - 528 300, avhengig av ansiennitet
- Gratis parkering
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- God pensjonsordning i KLP
- Eit inkluderandre arbeidsmiljø med kollegaer som heiar deg fram!
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0ef29a56-98f0-4fc4-9dad-262c335b518f
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288506