Hopp til innhold

Lærarvikariat 100 %

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Lærarvikariat 100 %
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Storebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå 01.11.26 - 31.07.27.

Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve! 

Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver
  • Undervisning
  • Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
  • Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
  • Arbeida i team

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav
  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
  • Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner
  • At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
  • God IKT- kompetanse

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Kontaktperson for stillingen

Gunnhild Astrup Hansen

rektor

+4741516433

gunnhild.astrup.hansen@austevoll.kommune.no

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar.

Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia.

Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag. 

Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.

Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Du kan lese meir på nettsidene til Lånekassen.

Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ea25c10-8b99-406b-96ab-61a7b848d93e

Sist endret

7. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308280

Lignende annonser

Laster lignende annonser