Hopp til innhold

Fagansvarleg løn - vikariat

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg løn - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Om arbeidsstaden

Personal – og organisasjonsutvikling har ansvar for personaladministrasjon, løn, kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling, leiarutvikling, rekruttering,  sjukefråvær, arbeidsrettslege tema, arbeidsgjevarpolitikk, drøftingar og forhandlingar med arbeidstakarorganisasjonar. Austevoll kommune har fokus på vidareutvikling og forbetring av rutinar og stillinga skal bidra til at vi driftar kommunen effektivt og utviklar kommunen som arbeidsgjevar til beste for både tilsette og innbyggjarane.


Om stillinga

Vi har ledig eit eittårig vikariat som fagansvarleg for løn frå snarast.

Stillinga ligg i eining for personal- og organisasjonsutvikling og rapporterer til personalsjefen.

Vi søker ein dyktig og utviklingsorientert fagansvarleg som vil vere med og utvikle framtidsretta løysingar for kommunen. Stillinga skal sikre fagleg forsvarleg og effektiv forvaltning av lønsprosessane i kommunen. Du får ansvar for kvalitetssikring, fagutvikling, etterleving av regelverk og koordinering innan lønsområdet. Rolla inneber fagleg ansvar innan lønsområdet og at du er rådgivar for leiarar og medarbeidarar i lønsfaglege spørsmål.

Arbeids- og ansvarsområde
  • sikre korrekt lønsutbetaling til tilsette og folkevalde til rett tid
  • forvalte og kvalitetssikre lønsprosessane og lønssystema i kommunen
  • sørge for at lønshandsaminga skjer i samsvar med lovverk, tariffavtalar og interne reglement
  • koordinere lønsarbeidet i kommunen og vere fagleiar for lønsmedarbeidarane
  • vere fagleg støtte for leiarar i spørsmål om løn
  • tolke og praktisere tariffavtalar, særavtalar og lønsføresegner
  • vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar, revisjon og offentlege styresmakter
  • kvalitetssikre rapportering til offentlege styresmakter
  • delta i lønsforhandlingar med fagleg støtte og dokumentasjon ved behov
  • utarbeide rutinar, retningslinjer og internkontroll innan lønsområdet
  • følge opp revisjonsmerknader og bidra i forbetringsarbeid
  • delta i utvikling og digitalisering av løns- og personalprosessar
  • gi opplæring og fagleg rettleiing til leiarar og medarbeidarar
  • ha fagansvar for HRM-systemet

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav
  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne masternivå
  • minimum tre års erfaring og kompetanse innan fagområdet
  • kjennskap til administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
  • kjennskap til lov- og avtaleverk
  • erfaring frå offentleg og kommunal forvaltning er ein fordel
  • god digital kompetanse
  • internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • imøtekommande, tillitvekkande og profesjonell
  • utviklingsorientert
  • tar initiativ og skaper framdrift
  • har stor arbeidskapasitet og fokus på kvalitet
  • arbeidar systematisk og strukturert
  • er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Kontaktperson for stillingen

Ida Heggholmen

Personalsjef

+4797169604

ida.heggholmen@austevoll.kommune.no

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.

Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.

Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

63a32aa7-66b7-4faa-9f94-dc9537be1ed0

Sist endret

18. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10305999

Lignende annonser

Laster lignende annonser