Hopp til innhold

Fagarbeidarstillingar fast og vikariat

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Uteflorsvegen 12, 5392 Storebø, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarstillingar fast og vikariat
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. september

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO inntil 80 %. 
Storebø skule har ledig ein fast stilling inntil 80 %, eit vikariat frå 01.10-31.07 27, eit vikariat 01.10-28.02.27

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.


Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav
  • Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning.
  • Anna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert.
Personlege eigenskapar
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
  • Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
  • Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
  • Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Kontaktperson for stillingen

Gunnhild Astrup Hansen

Rektor

+4741516433

gunnhild.astrup.hansen@austevoll.kommune.no

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar.

Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia.

Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag. 

Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.

Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Du kan lese meir på nettsidene til Lånekassen.

Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a89657c-779f-4a16-9d07-9e8519e98108

Sist endret

4. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308050

Lignende annonser

Laster lignende annonser