Ulvestad Barneskule ynskjer seg ein dyktig og hjartevarm fagarbeidar / assistent
Ulvestad Barneskule As
Haugevegen 12, 6133 Lauvstad
Om jobben
Vi søkjer ein dyktig og engasjert fagarbeidar/assistent til skule og SFO i 60-80% stilling frå 10.08.26, eller etter avtale. Vi ser etter deg som ønskjer å vere ein viktig del av eit inkluderande og varmt læringsmiljø, der trivsel, tryggleik, læring og aktivitet står i sentrum for alt vi gjer.
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Skoleassistent
- Type ansettelse
- Annet, deltid 60% - 80%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. juni
Send søknad til
Hva vi ser etter
Du
-
er ein trygg og tydeleg vaksen for elevane
-
er empatisk, med evne til å sjå og forstå ulike elevar sine behov.
-
er tolmodig og støttande, særleg i møte med elevar som treng ekstra tryggleik og/eller struktur.
-
er fleksibel og samarbeidsvillig, både i møte med elevar og i samarbeid med lærarar, SFO‑leiar og andre tilsette.
-
er initiativrik, ser kva som trengst og tek tak
-
er positiv og løysingsorientert
-
har grunnleggjande forståing for læring og utvikling hos barn, og korleis ein kan støtte elevar både fagleg og sosialt.
Det er ynskeleg med relevant utdanning, men erfaring frå t.d. barnehage, skule, SFO, fritidsklubb, idrettslag eller anna arbeid med born og unge kan òg vere tilstrekkeleg.
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som m.a. kan-
bygge gode relasjonar til elevar og vere ein positiv rollemodell
-
bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
-
observere og støtte elevarbåde i gruppe og ein-til-ein, særleg elevar som treng ekstra tryggleik, struktur og/eller sosial støtte.
-
hjelpe til med praktisk organisering i klasserommet og ved uteundervisning.
-
tilrettelegge for ulike aktivitetar, leik- og læringssituasjonar både på SFO og i skulen
-
følge opp elevar i overgangane mellom skule og SFO.
-
skape trivsel og tryggleik gjennom gode rutinar og nærvere.
-
samarbeide med SFO‑leiar om planlegging og gjennomføring av aktivitetar.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit inkluderande og godt arbeidsmiljømed varierte og kjekke arbeidsoppgåver, moglegheit til å påverke og utvikle SFO- og skulemiljøet, og ein arbeidsplass der du verkeleg betyr noko for born sin kvardag. Hos oss får du vere med på mykje kjekt, både inne og ute, og du vert ein viktig del av eit lag som brenn for elevane sitt beste. Sjå meir info på facebook og heimesida vår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ulvestad Barneskule er ein privatskule på Lauvstad i Volda Kommune med 27 elevar frå 1.-7.klasse. Vi har eit svært kompetent og engasjert personale som jobbar tett saman for å skape ein trygg, utviklande og inkluderande skulekvardag for elevane våre. Klasseromsundervisning vert kombinert med varierte undervisningsopplegg utandørs og tverrfaglege tema- og prosjektveker.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0d89e2dd-3dae-4b93-bbac-9f7fbcc80a1c
- Sist endret
23. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0d89e2dd-3dae-4b93-bbac-9f7fbcc80a1c