Hopp til innhold

Sommar- og tilkallingsvikar

Arbeidsgiver

Kollen ungdomsbase, Bufetat

Sted

Myrakollen 2, 6390 Vestnes

Om jobben

Stillingstittel
Sommer- og tilkallingsvikar
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Har du eit sterkt hovud og varmt hjarte, og eit engasjement for arbeid med barn og unge?

Fleire av våre einingar i Bufetat, region Midt-Norge, ser etter sommar- og tilkallingsvikarar. Er du under utdanning, har ein relevant bachelorgrad/fagbrev, eller har erfaring frå liknande arbeid, bør du ta ein kikk på denne annonsen!

Hos Bufetat vil du få ein variert arbeidskvardag og moglegheita til å bli godt kjend med korleis ein jobbar med barn og unge ute på einingane. Hos oss er det også viktig at arbeidsmiljøet er trygt og raust, slik at vi er i stand til å handtere krevjande situasjonar som oppstår. Ein jobb hos oss vil gi deg ny kunnskap og praktisk erfaring – og ikkje minst utvide nettverket ditt! Les meir, og bli betre kjent med oss her: https://www.bufdir.no/om/jobb-hos-oss/jobb-i-bufetat-region-midt-norge/ 

Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om barnevernstenester. 

Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har sju plassar, fordelt på to avdelingar, inkludert institusjonshyblar.
Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.

Vi ønskjer oss fleire ferievikarar/tilkallingsvikarar både i langturnus og som nattevaktar. Langturnus er etter gjeldande regelverk; 2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 3 døgn på helg og 7 døgn fri. Det er fagmøte med 4 timar oppmøte kvar onsdag.

Hos oss startar ferieavviklinga i veke 26 , og vil vare til og med veke 33. Vi ønskjer derfor at du er til stades i desse vekene, men kan leggje til rette for ferieønskjer.

Vi vil fortlaupande invitere aktuelle kandidatar til eit intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritidsaktivitet som gjev ny læring og meistring.
  • Vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell som kan planlegge og oppretthalde god struktur.
  • I det daglege samarbeider ein med ungdommane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar.
  • Bidra til å ivareta rettsikkerheita til ungdommane ved hjelp av god dokumentasjon 
  • I tillegg skal ein utføre daglege praktiske oppgåver ved institusjonen.

Miljøterapeutane vert i det  daglege leia av ein avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar

Når det kjem til utdanningsnivå ønskjer vi at du oppfyller minst eitt av følgjande krav:
  • Du er under relevant høgskule-/universitetsutdanning
  • Du har ein tre-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet med 180 studiepoeng
  • Du har relevant utdanning frå videregåande skule, i kombinasjon med erfaring frå arbeid med barn og unge
Du må òg ha
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
  • Førerkort for bil (klasse B), helst med manuelt gir
Utover dette er det ønskjeleg at du har
  • Erfaring frå samtaler, kartlegging og arbeid med barn og unge i krise
  • Gode IT-ferdigheter
  • God skriftlege og munnlege norskkunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein trygg vaksen som byr på deg sjølv og har eit genuint ønske om å hjelpe andre
  • Du evner å sjå alle som enkeltindivid og kan skape trygge relasjonar til barn og unge
  • Du er tolmodig og har ei stor evne til empati
  • Fleksibilitet og evne til å stå stødig og jobbe målretta i ein stressande og uforutsigbar jobbkvadag
  • Fordi arbeidet på eininga kan vere både fysisk og psykisk krevjande, stilles det krav til alminneleg god helse

For oss er det og svært viktig korleis du vil passe inn hos oss, og om du som person eignar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleier, p.t. kr 475 000 - 584 500 pr. år, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1509 spesialutdanna vernepleier, p.t. kr 527 400 - 646 000 pr. år. For deg som har fagbrev eller er under utdanning gjelder stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr 443 000 - 509 300 pr. år, 1203 Fagarbeider m/fagbrev p.t. kr 440 400 - 502 300 pr. år eller 1486 miljøarbeider, p.t. kr 400 000 - 495 200 pr. år. Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Hos oss vil du også få
  • Delta i sosiale tiltak saman med gode kollegaer
  • Eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • Moglegheita til å bidra til å gjere ein forskjell for sårbare barn og unge

Informasjon til deg som søker:
  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Sivertsen, Einingsleiar, 99 24 56 84, hilde.sivertsen@bufetat.no

Arbeidssted

Myrakollen 2
6390 Vestnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5086466900
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Sivertsen

Einingsleiar

99 24 56 84

hilde.sivertsen@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region Midt-Norge femnar om fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionen sin administrasjon er lokalisert i Trondheim.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0d19d397-9bd9-4538-ba86-44f8746ca76d

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d870cf253e28443f8247b234443b9fc5

Lignende annonser

Ferievikariat 2026 - Aktivisering og meistring

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Eining for aktivisering og meistring

Sted

Vestnes

Sommar- og tilkallingsvikar - arbeidsplassen.no