Ledig 75% vikariat for sjukepleier ved slag/generell medisinsk sengepost
Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleier
Oppstart
21. august 2023
Antall stillinger
1
Vi har ledig 75% vikariat 21.08.23-18.08.24 for sjukepleier ved slag/ generell medisinsk sengepost, Stord sjukehus.
Sengeposten har 8 senger. Det er hovudvekt på slagbehandling i tillegg til andre generelle indremedisinske diagnosar, som bla infeksjonssjukdommar, cancer, Covid mm.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 50.000
innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gir særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på sengeposten
- Gi god omsorg for pasient og dei pårørande
- Vere med på å utvikle og forbetre sengeposten sitt arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Må kunne jobbe med smittepasientar
- Erfaring med slagpasientar og smittevern vektlegges
- Gode norsk-kunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå. Tverrfagleg samarbeid
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar, (+47) 53 49 10 66Sunniva Austlid, Seksjonsleiar, (+47) 53 49 11 47
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4672332674
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 21.08.2023
Sluttdato: 18.08.2024
Søknadsfrist: 16.06.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2358239
- Sist endret
17. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dab33f111b054623afff9401b9fa1dd7