Hopp til innhold

Gjer skatt forståeleg, éin animasjon om gongen.

Arbeidsgiver

Skatteetaten, IT

Sted

Fredrik Selmers vei 4, 0663 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat for erfaren animatør
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Mange synst skatt er litt vanskeleg. Derfor jobbar vi kvar dag for at folk skal finne det dei treng, forstå det som kan verke komplisert, og få gjort det dei må innanfor skatt, avgifter, betalingar og folkeregisteret. Jobben vår er å gjere det enkelt å gjere rett, og vanskeleg å gjere feil.

Vi søkjer ein erfaren animatør som vil vere med å skape visuelt innhald som gjer komplekse ting enkle. I kommunikasjonsmiljøet vårt, som nyleg vann gull som Årets kommunikasjonsavdeling, jobbar du tett med rådgjevarar, designarar og produsentar i eit team på 10 kreative visuelle produsentar. Saman lagar vi animasjonar som folk faktisk forstår og kanskje til og med likar. 


Sjå kva vi har laga før

Kva skal du jobbe med

  • Produsere 2D-animasjon til forklaringsvideoar, nettsidene våre og kampanjar
  • Bidra med animasjon i ulike videoproduksjonar for ulike kanalar
  • Delta i kreative prosessar frå idéutvikling til ferdig produkt
  • Samarbeide med folk frå kommunikasjon, IT og fagavdelingar i heile organisasjonen

I løpet av året vil du jobbe med omtrent 3 store produksjonar og mange små.

Det du trenge / Må ha:

  • Minimum 3 års erfaring med animasjon der 2D er hovudområdet ditt
  • Solid kompetanse innan grafisk design, illustrasjon og teikning
  • Erfaring med animasjon i videoproduksjon
  • God kjennskap til Adobe sine verktøy (særleg After Effects)
  • Erfaring med å lage og bruke storyboards og animatic 

Det vi treng frå deg

Vi ser etter nokon som er trygg på å samarbeide på tvers av fagmiljø, som klarar å halde oversikt over fleire prosjekt samstundes, som tenkjer kreativt og finn løysingar undervegs, og som set pris på å bidra der det trengst. Du vil jobbe med både større og mindre produksjonar og av og til måtte ta omsyn til korte tidsfristar. Du må vere komfortabel med å animere i vår visuelle stil og tone.

Slik søkjer du

Vi har droppa søknadsbrevet. I staden vil vi sjå kva du kan:

  1. Gå inn på Søk på stillinga
  2. Last opp CV-en din som viser kva du kan og har erfart
  3. Last opp eit PDF-dokument på ei side med lenke til 3 videoproduksjonar du har laga og ein kort tekst der du fortel kva rolle du hadde i kvar av videoane
Kvifor skal du velje oss?

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.

Hos oss får du jobbtryggleik, god balanse mellom jobb og privatliv, og ein arbeidsplass der du kan utvikle deg vidare. Du får rammer som sikrar deg tid til å puste, fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Både kollegane dine og sjefen din vil be deg om å logge av til tider og ta fram blyant og papir.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.

Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gode vilkår. Les meir på spk.no.

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som rådgjevar (kode 1434), med ei årslønn på 580 000 – 700 000 kr. Vikariat i eitt år, med ønskje om oppstart i bryjinga i april/mai.

Og ikkje minst: vi har eit kommunikasjonsmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer som vil hjelpe og støtte deg heile vegen. Du er kanskje ny i bransjen. Vi er 250 år. Saman skal vi lage innhald om skatt som alle kan forstå.

Verdt å merke seg før du søkjer

Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd.

Har du hol i CV-en din, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg høve til å få positiv særhandsaming. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

Kontaktinformasjon

Hallvard Lavoll, Underdirektør, 936 34 354, Hallvard.Lavoll@skatteetaten.no

Arbeidssted

Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Skatteetaten

Referansenr.: 5085311585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hallvard Lavoll

Underdirektør

936 34 354

Hallvard.Lavoll@skatteetaten.no

Om bedriften

Vel ein jobb der du får utfordre deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidreg med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferd er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkjande ansvar, og viktigast av alt: over 7 000 engasjerte tilsette som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0c86eacf-d7be-43e3-b645-286360e60b7a

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f71e6699e38b41cd96fb4203747a77e7

Lignende annonser