Hopp til innhold

ID 1064 Driftsoperatør uteareal - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Fitjar Kommune Samfunnsutvikling og drift

Sted

Fitjar

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Driftsoperatør grøntanlegg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 2. juni

Vil du vera med og ta vare på Fitjar kommune sine uteområde?

Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av den kommunale eigedomsmassen. Me har behov for ein arbeidsam og positiv medarbeidar som ønskjer å bidra til trivsel og godt arbeidsmiljø gjennom drift og vedlikehald av kommunale uteanlegg og grøntområde. Kommunen har eit variert landskap med parkar, vegar, leikeplassar, uteområde ved kommunale bygg og fleire viktige møteplassar, og no treng me ein ny kollega som trivst ute og bryr seg om kvalitet i dei offentlege areala. Stillinga vil høyra til eining for tekniske tenester.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

Drift, vedlikehald og generell oppfylging av dei kommunale uteområda, inkludert park, veg, kai og uteområde til bygg, mellom anna

  • Plenklipping, kantklipping og generelt stell av grøntareal

  • Beskjering, planting og stell av buskar, tre og prydareal

  • Kontroll og tilsyn av leikeplassar

  • Enkelt vedlikehald og dagleg ettersyn av maskiner og reiskap

  • Snørydding og strøing i vinterhalvåret (ved behov)

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar, fortau, plassar, overvassanlegg, sandfang og gatelys

Som tilsett i den kommunale eigedomsdrifta vil du også måtta rekna med å bidra med andre driftsoppgåver ved behov, m.a. knytt til dei kommunale bygga. Du vil og inngå som ein del av teknisk vakt. Vaktordninga er fordelt på dei tilsette på eigedomsdrift og vatn og avlaup, og inneber roterande vekesvakt (inkludert helg) knytt til bygg og vassverk.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar eller tilsvarande relevant fagbakgrunn.

  • Erfaring med maskiner som traktor, plenklipparar, kantklipparar og motorsag

  • Kompetansebevis for motorsag/ryddesag er ynskjeleg

  • Sprøytesertifikat er ynskjeleg

  • Førarkort klasse BE, og T 142, T 144 eller T 148. Viss du ikkje har desse to sertifikata, er det ein føresetnad for å verta tilsett at du oppnår det innan seks månadar frå tiltreding i stillinga.

  • Erfaring frå teknisk drift eller byggdrift er ein føremon, men ikkje eit krav.

  • Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av faget som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig.

  • Du trivst med fysisk arbeid ute i all slags ver.

  • Du er strukturert, påliteleg og serviceinnstilt.

  • Du bidreg positivt i arbeidsmiljøet og er løysingsorientert.

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagd.

Me kan tilby
  • Spanande, meiningsfylte og praktiske arbeidsoppgåver

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar

  • God offentleg pensjonsordning

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar for tekniske tenester Magne Træet, tlf 91 81 94 87.

Kontaktperson for stillingen

Magne Træet

Einingsleiar

91819487

magtra@fitjar.kommune.no

Om bedriften

Denne stillinga er ein del av teknisk avdeling

Teknisk avdeling er ei eigen eining og har følgjande hovudoppgåver: Kommunale bygg, kommunale vegar, reinhald avløpsanlegg, vassforsyning, planarbeid, utbggingsprosjekt og driftsoperatørteneste.

Utestasjonen i Årskog

Driftsbygning til vatn, avlaup og vaktmeistrar ligg på Årskog industriområde, like ved Fv 545.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0bdfcfd9-67a4-473c-980c-72c65d63c932

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

0bdfcfd9-67a4-473c-980c-72c65d63c932

Lignende annonser

Laster lignende annonser