Hopp til innhold

Vil du vere med og ta vare på kyrkja og kyrkjegarden?

Arbeidsgiver

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Sted

Landrodalen 5, 5363 Ågotnes

Om jobben

Stillingstittel
Vil du vere med og ta vare på kyrkja og kyrkjegarden?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Er du engasjert, praktisk anlagt og likar å arbeide både ute og inne? Har du interesse for grøntfaget og trivst med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere rette jobben for deg! Vi har no ledig ei fast, delt stilling som kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar.

Du vert ein del av teamet som har ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjegardane våre, slik at dei er velstelte og verdige gjennom heile året. Samstundes vil du ha ei viktig rolle som kyrkjetenar, der du bidreg til praktisk tilrettelegging og gjennomføring av kyrkjelege handlingar. Stillinga byr på varierte arbeidsdagar med både ute- og innearbeid, og tett samarbeid med kollegaer frå fleire fagområde.

Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske.» Vi er eit stort fellesråd med 8 kyrkjer og 16 gravplassar. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organiserte både i fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga høyrer til seksjon for kyrkjer og gravplassar, som har 11 medarbeidarar i ulik stillingsprosent, og omfattar oppgåver både som kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar.

Stillinga inneber arbeid på dagtid tysdag til fredag. I tillegg inngår teneste ved gudstenester om lag annankvar helg, samt vigsler i sesongen.

Besøk nettsida vår, ring oss eller kom innom for ein prat på det trivelege kyrkjekontoret vårt på Straume.


Arbeidsoppgåver

  • Graving og vedlikehaldsarbeid på kyrkjegardane i Øygarden.
  • Vidareutvikling av kyrkjegardane som parkmessige områder.
  • Kyrkjetenaroppgåver, Ivareta praktisk tilrettelegging før, under og etter gudstenester, kyrkjelege handlingar og kyrkja sine andre aktivitetar.

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med

  • Grøntfagleg kompetans
  • Fagbrev som gartnar, anleggsgartnar, maskinførar eller grunnarbeidar
  • Personar utan formelle faglege kvalifikasjonar vil kunne bli vurdert med utgangspunkt i dokumentert arbeidserfaring.

Det er krav om

  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Førarkort klasse B, må disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Fleksibel
  • Samarbeidsvillig
  • Serviceinnstilt
  • Praktisk anlagt
  • Strukturert
  • Evnar å arbeide sjølvstendig og i team
  • Har eit auge for detaljar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsmedlemsskap i KLP
  • Køyregodtgjersle etter statens satsar
  • Opplæring i gravplassfaget

Anna

  • Helgearbeid må påreknast.
  • Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette utfyller kvarandre
  • Ein kan få oppgåver i ulike sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Kontaktinformasjon

Mathilde Karin Dale, seksjonsleiar for kyrkjer og gravplass
Annlaug Børve, kyrkjeverje

Arbeidsstad

Landrodalen 5
5363 Ågotnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5151676712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mathilde Karin Dale

seksjonsleiar for kyrkjer og gravplass

Annlaug Børve

kyrkjeverje

Om bedriften

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d713384e-b893-4500-a391-0311d9c72efb

Sist endret

30. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

06e9a46d3fdc4d4b9a3e7b94257f50c1

Lignende annonser

Laster lignende annonser